Verdas beste ost blir kåra i Bergen 2.november

Det er ukjent kor mange ostar frå Rogaland stiller på startstreken. På biletet: Bo Jensen sin
Det er ukjent kor mange ostar frå Rogaland stiller på startstreken. På biletet: Bo Jensen sin "Lille Aske", som fekk tildelt utmerkinga Super gull under oste-VM i fjor.

Oste-VM 2018 blir arrangert i Bergen i år og over 3000 ostar skal delta i konkurransen om å bli verdas beste! Programmet er stort og utenom å følgje med på kåringa kan du både delta på matfagdagen eller gå på matfestival. 

World Cheese Award eller Oste-VM  finn sted  i Grieghallen i Bergen 2.november. Ostane blir bedømt av 230 internasjonale ostedommare og finalen er open for publikum fredag kveld.

Matnasjon Norge er ein stor mat- og drikkefestival som blir arrangert 2. og 3.november i Grieghallen. Festivalen vil by på eit mangfald av norsk lokalmat og drikke. Kåringa av ost vil finne sted midt på festivalområdet slik at publikummet kan følgje med. På laurdagen blir konkurranseområdet omgjort til eit stort ostebord, der publikum kan kjøpe billett til guida ostetur organisert av internasjonale ekspertar.

Programoversikt

Fredag 2. november
10:00 - 18:00: Matnasjonen Norge og World Cheese Awards
11:00 - 16:00 Fagdag norsk mat og drikke 2018 
16:30 - 18:00 Finale i World Cheese Awards

Laurdag 3. november
10:00 - 17:00 Matnasjonen Norge

For meir informasjon klikk deg inn på nettsida til Oste-VM!

World Cheese Award, eigd av stiftelsen Guild of Fine Food, er ein av verdas største ostekonkurransar. I 2016 fant Tingvollost sin Kraftkar, og sidan dette har Hanen og Norsk Gardsost arbeidet med å arrangere World Cheese award i Bergen.

Kontaktpersoner