Unikt veksthusmiljø på Fogn

Det er ikkje logisk at Fogn skulle vere ei øy med så mange veksthusanlegg, med 8 produsentar og over 40 dekar med veksthus. Forklaringa ligg i god kompetanse bygd opp gjennom
generasjonar, og ikkje minst eit sjeldan godt samarbeid mellom produsentane

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.09.2018

Vi var fire personar frå Landbruksavdelinga som tok ein tur til Fogn den 6. september, der vi fekk møte gode representantar for veksthusnæringa.

Selvåg gartneri eit godt døme

Vi starta dagen med å besøke Selvåg gartneri, eit anlegg på om lag 6 dekar med produksjon av tomatstypane cocktail og perle. Her fekk vi god informasjon om produksjonen, om utfordringar og kostnader knytt til etablering av resirkuleringsanlegg og alternativ til fossil energi.

Ryfylke tomat SA eit unikt samarbeid

Besøket på Ryfylke Tomat SA var ei særs positiv oppleving oss, eit unikt samarbeid mellom 8 tomatprodusentar. Her har dei klart å få bygd eit moderne pakkeri til ein overkommeleg pris, med god logistikk når det gjeld sortiment, volum og leveringstid. Og kanskje viktigast av alt, her har dei eit særs godt sosialt og fagleg miljø.

Tru på framtida for veksthusnæringa

Ein halv dag på Fogn gav oss tru på veksthusnæringa inn i framtida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.