Omcider sider

No skjer det endeleg. På Fevoll gard i Hjelmeland putrar det no 3000 liter sider i ein stor ståltank i det nye sideriet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.10.2020

Bodil og Andreas Kvame var heilt ferske fruktdyrkarar då dei starta så vidt i 2014. Bodil hadde i sin barndom feriert hos besteforeldra i Sogn som hadde mange frukttre og ho hadde lyst til å starte med frukt.

Frå null til tusenvis av frukttre

På garden som Andreas kjem i frå på Fevoll i Hjelmeland hadde det også vore nokre frukttre i tidlegare tider, men far til Andreas var ikkje så interessert i dette, så han reiv dei opp. No er det igjen komen frukttre på garden, og det ikkje mindre enn 17000 epletre og 2700 morelltre. Bodil Kvame har teke eitt års permisjon for å konsentrere seg om frukt- og siderproduksjon.

Rubinstep egner seg godt til sider

Frukthausten har vore dårlegare enn forventa, men slett ikkje dårleg. Eplesorten Rubinstep har gitt mellom 4 og 5 tonn pr dekar. Det er denne dei no har hausta. Dei har òg planta nokre epletre av sortane Ellis Bitter og Bramley som skal brukast i siderproduksjonen.

Viktigast å få det til

OmCider AS, det relativt nystarta selskapet til Bodil og Andreas Kvame, har planar om å produsere om lag 8000 liter sider i år.

- Dette året vert det ikkje så mykje eksperimentering når det gjeld siderproduksjon, det viktigaste er å få det til, seier Bodil.

Først etter jul vil sideren bli klar. Ho vil selje sideren på garden som ei oppleving kanskje med noko å ete. Dessutan vil ho ta kontakt med restaurantar for å sjå om dei kan vere interessert i denne kvalitetsvara frå Ryfylke. Ho drøymer òg om å levere Omcider på Vinmonopolet.

Siderlokalet er straks klart

Det er framleis mange bygningsarbeidarar og handverkarar som held på med nybygget, men det er nesten ferdig. Nybygget inneheld eit ganske stort produksjonslokale, lager for eple og sider, eit gardsutsal og eit lite smaksrom der kundar kan smake ulike sidrar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.