Hoksrud opna Noregs mest moderne veksthus for forsking på veksthusgrønsaker

Fylkesordførar Solveig Tengesdal, stasjonsleiar på NIBIO Særheim Arne Sæbø, landbruks- og matminister Bård Hoksrud saman med forskar Michel Verheul.
Fylkesordførar Solveig Tengesdal, stasjonsleiar på NIBIO Særheim Arne Sæbø, landbruks- og matminister Bård Hoksrud saman med forskar Michel Verheul. (Foto: Monica Dahlmo)

Vi gratulerer NIBIO med eit flunkande nytt veksthus på Særheim. Her er det investert rundt 20 millionar kroner for å gi forskarane den beste reiskapen for å vidareutvikle ei næring som stiller store krav til teknologi, effektivitet og kvalitet.

Veksthuset er om lag 1 000m2 stort og har tre avdelingar. Det ligg strategisk til på Særheim i Klepp kommune, i kort avstand til nokre av Noregs fremste veksthusprodusentar. Det gamle forskingsveksthuset skreik etter fornying, og då regjeringa kom med tiltakspakken mot oljenedturen i 2016 hadde NIBIO Særheim planane for nytt veksthus klare. I revidert statsbudsjett blei det løyvd midlar, og no står veksthuset klart til bruk. Landbruks- og matminister Bård Hoksrud stod for opninga, – den faglege aktiviteten som skjer på Særheim er viktig for heile landet, sa han under opninga.

Tett på næringa

Forskarmiljøet på Særheim med Michel Verheul og Henk Maessen i spissen, har tett kontakt med veksthusprodusentane i Rogaland og i resten landet. – Vi ønsker å bidra til eit auka spekter av norskproduserte produkt, og til å gjere kvaliteten endå betre. Slik kan vi hjelpe til med å sikre arbeidsplassar og auke verdiskapinga for gartnarane, sa Verheul under fagseminaret knytt til opninga. Han leier forskingsrådprosjektet «Biofresh», der visjonen er å produsere ferske norske grønsaker med god kvalitet året rundt – på ein berekraftig måte utan CO2 -utslepp, bruk av fossil energi eller kjemiske plantevernmiddel.

Teknologi møter biologi

Den teknologiske utviklinga i veksthusbransjen har vore formidabel. Særheim og norske tomatprodusentar kan no skilte med eit avlingsnivå i verdsklasse. Det er takka vere den teknologiske utviklinga av mellom anna dryppvatningsanlegg, tilføring av CO2 og klimastyring. Under fagseminaret presenterte Greencap solutions sitt arbeid med å utvikle teknologi  for CO2- fangst for bruk i veksthus, og AgriE  presenterte sitt arbeid med å foredle biogass til bruk i vesthus. Det er difor ingen grunn til å tru at den teknologiske utviklinga vil stoppe opp.

I hjartet av tomatfylket Rogaland

Om lag 92 av tomatproduksjonen i Noreg skjer i Rogaland. Klepp har den største verdiskapinga frå veksthusnæringa, og den er utrekna til vel 75,5 mill. kroner. Totalt er verdiskapinga innanfor veksthus og planteskular i Rogaland utrekna til 249,3 mill. kroner (tal frå 2016)  

Fylkesmannen er difor svært nøgd med at ei så viktig næring kan dra veksel på lokale forsøksfasilitetar og kompetansemiljø.