Stor verdiskaping i landbruksnæringa

Lysark henta frå presentasjonen til Klepp-ordføraren på landbrukspolitisk konferanse 19.mars.
Lysark henta frå presentasjonen til Klepp-ordføraren på landbrukspolitisk konferanse 19.mars.

Klepp-ordføraren la fram overraskande store tal over verdiskapinga i landbruket. Næringa står med sine 1260 sysselsette, i primærleddet og landbrukstilknytta industri, for 12,4 % av den samla verdiskapinga i Klepp.

På den landbrukspolitiske konferansen i Stavanger 19. mars viste Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese tal for verdiskapinga i landbruket. Verdiskapinga er vurdert til om lag 450 mill. kroner, der tilskot utgjer 84 mill. kroner. Det er særleg positivt å registrere klar auke i grønsaksproduksjon, knyta til eit godt utvikla kompetansemiljø i Klepp. I tillegg til å ivareta grunnleggande samfunnsoppgåver knytt til matproduksjon og anna, viser tala ei viktig og berekraftig næring som det er all grunn til å skape positiv merksemd rundt.

Gründerbonden

I innlegget blei det vidare vist til stor grad av innovasjon i landbruket og den teknologiske utviklinga gir grunnlag for optimisme for gründerbonden. Teknologiske nyvinningar som sjølvkøyrande traktorar, robotar som pløyer, sår og luker tyder å eit framtidsretta landbruk der rolla til bonden er i stadig endring.

Revisjonen av gjødselvareforskrifta

Innovative bønder og teknologisk utvikling gir også grobunn for optimisme når det gjeld oppfølging av eventuelt skjerpa krav til handtering av organisk materiale og næringsstoff, jf. den pågåande revisjonen av gjødselvareforskrifta.