Lær deg å yste!

Lise Brunborg frå Stavanger ysteri er ein meistar til å yste ost. Er du like gira som ho til å prøve ut nye mjølkeprodukt, så bli med på ystekurs i november.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.08.2016

Inspirasjonskurset «Mjølk på ymse vis» blir gjennomført laurdag 12. november kl 10 – 15 på Helleland grendehus, Helleland.

Lise Brunborg starta hausten 2015 eit eige ysteri midt i Stavanger sentrum med fokus på berekraftige råvarer, kompetanse, godt modna ostar og dagsferske meierivarer av beste kvalitet. Ho har brei bakgrunn innan mjølkeforedling, og vil dele av sine erfaringar og gi kunnskap om korleis ulike handverksprodukt av mjølk blir laga.

Målgruppe: mjølkeprodusentar og andre interesserte. Ta med deg ektefelle, ven eller andre som har interesse for dette spanande faget.

Pris: kr 200. Bindande påmelding innan 4.november

til fmroese@fylkesmannen.no eller 41418510 (begrensa tal plassar)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.