Blidensol er best på eldremat

Fylkesvinnar i konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk, Blidensol sjukeheim frå Stavanger, går vidare til den nasjonale konkurransen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.11.2015

Juryen hadde ein vanskeleg, men inspirerande jobb for å kome fram til ein vinnar som skal representere Rogaland i den nasjonale finalen. Forhold knytt til mat, måltidsatmosfære og
institusjonen si merksemd på måltidet og måltidssituasjonen, blei vurdert.  

- Det har vore ein unik sjangse til å sette fokus på mat og måltidet si betydning
for helse og velvære, og å auke merksemda rundt gode måltidsopplevingar for
beboarar på sjukeheimar,
seier Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann og
jurymedlem.

Vinnaren fekk overtrekt diplom og ei matkorg med lokale råvarer av Magnhild Meltveit Kleppa. I tillegg får representantar frå sjukeheimen ei matfagleg oppleving på Måltidets Hus.

På delt andreplass kom Bukollektivet i Time kommune, Tasta sykehjem og Suldal sjukeheim. Desse fekk og kvar si matkorg i premie.

Bidraga er vurderte av ein rogalandsjury. Juryen bestod av: Anlaug Mesfin, kommunalsjef omsorg i Time kommune, Helge Bergslien, NCE Culinology/ Måltidets Hus, Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland, Tommy Raanti, dagleg leiar Gastronomisk Institutt, Borghild Fiskå, journalist, Kari Thu, leiar av Rogalandsavdelinga av Nasjonalforeningen for folkehelse.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter

Gyldne måltidsøyeblikk

Statsråd Sylvi Listhaug har sett i gang ein landsdekkande mat-/måltidskonkurranse der alle sjukeheimane i landet kan delta.