Kva nå når Wenche Knudsen sluttar?

Vi går mot eit tidskille her på Landbruksavdelinga. Vår alltid blide Wenche trer inn i pensjonslivet frå 1. mai, og blir ikkje lenger å sjå på kontoret. Etter 49 år har hu blitt ein bauta i landbruksforvaltinga, og har vore med på ei utroleg tidsreise frå skrivemaskin utan rettetast der menn hadde kvinnelege sekretærar, til vår digitale nåtid der sjefen koker kaffi. Vi takkar for fine år og ønskjer Wenche alt godt som pensjonist.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.04.2020

Wenche starta i Rogaland landbruksselskap i september 1971, før fleire ved avdelinga var født. Det blir ein spesiell dag nå når hu må levere tilgangskortet i resepsjonen. Og få kan måla seg med så mange år i jobb på same arbeidsplass.

Alltid til stades

Wenche er alltid av dei første på kontoret om morgonen, og er aldri borte frå jobb. Dei dagane hu har vore borte kan reknast på ei hand. Hu blir omtalt som «mor» i avdelinga, og hu er blitt godt kjend også utanom Statens hus. Alle i kommunal landbruksforvalting er på førenamn med Wenche.

Frå sekretær til fagperson

Første åra i Klubbgata var prega av å vere sekretær for fagpersonar som den gang var menn med dress, og det var ikkje plass til damer i kantina. Det var stas då skrivemaskinen fekk rettetast, og stensilmaskin og blåpapir blei erstatta av kopimaskin. Wenche har vorte snar til å ta i bruk ny teknologi, og har god kunnskap om dagens digitale verktøy. Milliardar av kroner har blitt trakta gjennom fagsystema på hennar PC. Veterinærar har fått sjekka reiseruter, og kommunar har fått tildelt ulike midlar. Mange har fått tildelt godkjend vitnemål for bruk av plantevernmidlar. Langt fleire oppgåver kunne vorte nemnt. Wenche har utført langt meir fagoppgåver enn andre med tilsvarande bakgrunn.

Omsorg for alle

Det vi vil minnast mest er uansett den omsorga Wenche viser for alle oss på avdelinga og for mange av våre kontaktar der ute. Det gode humøret og humoren er eit sikkert kjenneteikn. Alle kollegaer skulle hatt ei Wenche på jobb, det ville slått positivt ut på sjukefråværet. Få kan markere bursdagar som henne, eller andre høve som bør feirast. Og det er jo ekstra krevjande nå i desse tider når vi ikkje kan samlast og klemmast. Ein ting er sikkert, vi skal markere Wenche når dette er over. Og så får vi klare oss så best vi kan utan Wenche, om mogleg.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner