Hjelp til gode vurderingar etter naturmangfaldlova

Kommunane tek mange avgjerder som påverkar naturmangfaldet. Til hjelp i saksbehandlinga har Miljødirektoratet utvikla nettkurs. Kursa er gratis og tek ca 1,5 time å gjennomføre.

Vi anbefaler alle som behandlar søknadar om landbrukstiltak som nydyrking, landbruksveg, godkjenning av spreieareal på innmarksbeite o.l. om å ta kurset. Det vil gi ei nyttig oppdatering i prinsippa i naturmangfaldlova, og hjelp til å skrive gode vurderingar.