Plenproduksjon kan ikkje vere styrande for konsesjonspris

Dette er konklusjonen i ei konsesjonssak i Sandnes. Sandnes kommune nekta konsesjon ut frå prisomsyn i ei sak der føremålet med kjøpet var plenproduksjon. Utgangspunktet for avkastningsverdi er det som er vanleg jordbruksproduksjon i området. Dette sikrar ei forsvalig prisutvikling.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.10.2018


Landbruksdirektoratet gjer ikkje om konsesjonsvedtak

Konsesjonssaka frå Sandnes som gjeld kjøp av jord til plenproduksjon har nyleg vore til vurdering i Landbruksdirektoratet. Vurderingane som er gjort på dei ulike forvaltingsnivå kan vere av interesse for behandling av andre tilsvarande saker.

Kva er meint med avkastingsverdi?

Ved kjøp av areal til landbruksføremål er det hovudsakeleg avkastningsverdien på arealet som er styrande for konsesjonsprisen. Utgangspunktet for pris er den dominerande produksjonen i området. Grovfôr og grønsaker er ulike produksjonar som kan gi forskjellig avkastningsverdi. Kva skal då leggast til grunn som ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling i eit grovfôrdominert fylke som Rogaland?

Dei siste åra har vi sett fleire døme på svært høge prisar i konsesjonssaker. Utgangspunktet i mange av desse sakene har vore at areala skal nyttast til ein spesialisert produksjon med høg avkastningsverdi. Ein del frilandsproduksjonar av grønsaker kan ha ein vesentleg høgare avkastningsverdi enn grovfôr og korn, særleg om produksjonen er knyta opp mot etablert kjølelager og/eller pakkeri.

Praktisering av prisspørsmålet er omtalt i Rundskriv M-3/2002. Grovfôr og korn er den dominerande produksjonen (90 %) på jordbruksareala i Noreg. Rundskrivet legg difor opp til at avkastningsverdien for desse produksjonane normalt skal leggast til grunn. I visse tilfelle kan det likevel vere relevant å vektlegge ein annan produksjon. Dette kan vere aktuelt i område med særleg gunstige vilkår for andre planteproduksjonar, ut frå til dømes jordkvalitet, klima og produksjonsmiljø.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.