Brev frå Fylkesmannen kjem no digitalt

Framover vil brev frå Fylkesmannen i Rogaland bli sendt digitalt. Har du huska å opprette ein digital postkasse?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.03.2018

Brev til privatpersonar vil bli sendt til e-boks eller Postens Digipost. Brev til landbruksføretak vil inn til vidare bli sendt til e-postadressa som er oppgitt på søknad om produksjonstilskot. På sikt er målet at dei skal kome i Altinn. Brev til landbruksføretak og kommunar som inneheld sensitive opplysningar vil framleis bli sendt som vanleg post.

Det er svært viktig at du jamleg sjekkar e-postane på adressa du har oppgitt i søknaden om produksjonstilskot.

Kvifor digital post?

På landsbasis sender det offentlege ut rundt åtte brev per innbyggar i året. Det tilsvarer 40 millionar brev. Å senda desse breva kostar 400 millionar kroner årleg. Dette er pengar som kan brukast til andre viktige ting.

Kva bør du gjera?

Det er ein stor fordel å ha ein digital postkasse. Om lag 1,8 millionar innbyggarar har oppretta ein slik. Så langt.

Det er ikkje nok å ha ein vanleg e-post-konto. Grunnen til dette er at me ikkje skal senda (person)sensitiv informasjon på denne måten. Med digital postkasse får du ei sikker løysing for å motta og oppbevara viktig post digitalt. I tillegg kjem svaret langt raskare når du slepp å venta på postgangen. Du har to digitale alternativ å velja mellom.

e-Boks eller Digipost

Enten opprettar du ein digital postkasse hos e-Boks eller Postens Digipost. Det er heilt opp til deg. Fordelane for deg er mange:

  • Du mottar posten med ein gong
  • Du har tilgang til posten over alt
  • Du sparer miljøet (mindre papirbruk, færre utskrifter og redusert transportbehov)
  • Både du og me sparer porto på å velja digital post.

Har du alt digital postkasse?

Viss det er lenge sidan du har logga deg inn, er det lurt å gjera det nå for å:

  • Sjekka at kontaktinformasjonen din er rett
  • Bestilla varsling på SMS eller e-post når du får brev frå det offentlege

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa var tidleg ute med digital postkasse. Her frå den offisisielle opninga av Digipost i 2011. Den gongen var Kleppa samferdsleminister.

Kan du senda digitalt til Fylkesmannen i Rogaland?

Ja. Den sikraste og føretrekte måten du tar kontakt med oss på, er å bruka eit digitalt meldingsskjema, «Send sikker melding».

Du loggar inn via ID-porten, eit felles og sikkert innloggingssystem for offentlege tenester. Fordelen er at du kan senda (person)sensitiv informasjon gjennom denne løysinga. I tillegg handterer systemet store vedlegg.

 

Får du ikkje brev frå oss på papir?

Jo, det gjer du viss:

Systemet vårt er lagt opp slik at dersom du har digital postkasse, sender me til denne adressa. Har du det ikkje, kjem brevet som vanleg brevpost.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Motta digital post fra det offentlige!