Nye hjelpemiddel for vedlikehald av arealkartet AR5

NIBIO har laga eit nytt datasett som skal gjere det enklare å registrere endringar i arealressurskartet AR5.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2015

Rogaland er flinke på vedlikehald

Oppdaterte arealkart over landbruksressursane er eit viktig kunnskapsgrunnlag for landbruksforvaltninga.  AR5 er eit nasjonalt klassifikasjonssystem som viser arealtilstand og arealkvalitet for jord- og skogbruksområda. AR5-karta skal oppdaterast av kommunane og av NIBIO, og er grunnlag for mellom anna utbetaling av tilskot, arealplanlegging, statistikk, lovsaker, regionalt miljøprogram og spreieareal. Derfor er det viktig at desse karta er oppdaterte og nøyaktige. Rogaland er av dei betre fylka på kontinuerleg ajourhald av AR5, og nesten alle kommunane leverer når dei skal. Dette er veldig bra.

Hjelp til å bli enda betre

Trass dette gode resultatet har vi erfart at det er endringar av arealtypar i AR5 som ikkje har like lett for å bli fanga opp. Dette gjeld til dømes nye bygg og tiltak i landbruksområde. For å bidra til at slike inngrep blir raskare registrert av kommunen i det kontinuerlege ajourhaldet, har NIBIO laga eit nytt datasett som heiter «oppdateringsbehov av AR5». Dette er tilgjengeleg i kartform som WMS og er basert på SSB sitt arealbrukskart, som igjen er basert på FKB bygg og veg, SSB og matrikkelen. Datasettet viser dyrka mark i AR5 som truleg har endra tilstand. Datasettet inneheld også informasjon om kjelde, så kommunen får moglegheit til å eventuelt rette opp dei kartgrunnlaga også. Totalt i Rogaland er det 3400 dekar dyrka mark i AR5 som moglegvis er nedbygd, der mykje er på Jæren. Ei årsak til dette etterslepet kan vere at det ikkje er god nok kontakt mellom landbrukskontoret og geodataansvarleg i kommunen. Vi vil oppfordre kommunane til å involvere begge avdelingar i arbeidet med ajourhald av AR5.

Kommunane bør bruk denne WMSen aktivt i sitt eige kartverktøy, for lettare å fange opp arealendringar på dyrka mark i AR5.  Område som truleg er nedbygd visast med raudt i kartet (sjå eksempel over). Meir informasjon finn du på NIBIO sine sider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner