Auka beløpsgrense for prisvurdering ved konsesjon

Beløpsgrensa ved prisvurdering etter konsesjonslova er heva frå 2,5 til 3,5 millionar kroner, og tidlegare brev om å ikkje legge avgjerande vekt på pris ved konsesjonsvurderinga fell bort.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.02.2016

Tidlegare denne månaden behandla Stortinget Landbruks- og matdepartementet (LMD) sitt forslag om endringar i konsesjonslova. Stortinget ba mellom anna regjeringa om å fastsette at det ikkje skal vere priskontroll ved overtaking av eigedomar med bustadhus med mindre overdragingssummen overstig 3,5 mill. kroner. Som en oppfølging av dette har LMD no sendt ut eit rundskriv om at beløpsgrensa er heva frå 2,5 til 3,5 mill. kroner. Endringa trer i kraft straks. I same rundskriv kjem det vidare fram at oppmodinga i brev frå departementet 4. desember 2013, om å ikkje legge avgjerande vekt på pris ved konsesjonsvurderinga, fell bort.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter