Nasjonal jordvernstrategi gav ekstra fart på jordvernarbeidet i Rogaland

Den reviderte nasjonale jordvernstrategien frå 2015 har sett fart på jordvernarbeidet i Rogaland. Jordvern er nå forankra i eigen regional strategi og plan, og får meir merksemd også i det kommunale planarbeidet. Det gir gode utsikter for jordvern i matfylket Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.09.2019

Rogaland har i mange år vore på landstoppen i omdisponering av jordbruksareal med nær 1100 dekar årleg i perioden 2005–2018. Difor var det ein merkedag for jordvernet når Rogaland fylkeskommune i mai 2017 vedtok å utarbeide eigen jordvernstrategi. Fylkesmannen i Rogaland blei invitert med i arbeidet, og i juni 2019 vedtok eit samla Fylkesting jordvernstrategien for Rogaland. Målet er at det maksimalt skal gå tapt 400 dekar jordbruksareal årleg. I strategien følgjer også tiltak for å nå målet.

Ny Regional plan for Jæren 

Parallelt med jordvernstrategien starta arbeidet med tredje generasjon Regional plan for Jæren. Den er sentral for jordvernet. Jæren er den regionen i fylket med desidert mest omdisponert jordbruksareal. Nord-Jæren er prega av ein fragmentert by- og tettstadsstruktur med arealutfordringar over kommunegrenser. I eit arbeidsnotat til revisjonsarbeidet blei det funne at over 23 000 dekar jordbruksareal kan bli bygd ut med grunnlag i allereie vedtekne planar (figur 1). Over 18 000 dekar er regulert areal som framleis ikkje er bygd ut + areal avsett i kommuneplanar som framleis ikkje er regulert.

Naturressursar disponert til utbygging i reguleringsplanar, kommuneplanar (KP) og regional plan Jæren (RP). Frå arbeidsnotat til Regional plan for Jæren 2050.

Resterande areal ligg på utbyggingssida av langsiktig grense, men er ikkje vist som byggeområde i plan. Den langsiktige grensa som blei vedtatt i 2000 er meint som ein regional avklaring for vekstretning og avgrensing av by- og tettstader i regionen. Det er derfor relativt store arealreservar som allereie er godkjend i regionale og kommunale planar til andre formål. Det vil klart utfordre dei nasjonale og regionale jordvernmåla.   

Prioritering av arealutvikling "innanfrå og ut" i kvar tettstad. Regional plan Jæren 2050

Det vil vere utenkjeleg at store delar av dette arealet som er avklart til byggeføremål kan førast tilbake til landbruk. Ein regional plan er derfor viktig for å samordne bustad-, areal- og transportplanlegginga. Første del av  Regionalplanen som blei vedtatt i juni 2019 har no eit stort fokus på ei arealplanlegging innanfrå og ut (figur 2). Dette for å skape sterke sentrum med effektiv arealbruk. Jordvernmålet avgrensar årleg omdisponering og fysisk nedbygging

 

Jordvern på dagsorden i kommunane

Vi opplever også at jordvern har fått eit auka fokus i kommunane. Randaberg kommune fekk 02.09.2019 tildelt Nasjonal jordvernpris, Karmøy kommune er i gang med kommunal jordvernstrategi, og jordvern blir omtalt i langt større grad i dei enkelte plan- og dispensasjonssakene.

Som eit ledd i jordvernarbeidet ser vi på eit enklare verktøy for måling av avgangen av jordbruksareal i kommuneplan, og for fysisk nedbygging. Vi meiner at det må utviklast eit meir presist verktøy enn det vi i dag har gjennom KOSTRA for å dokumentere avgang jordbruksareal, og har dialog med NIBIO for å sjå på om bruk av databasar for plan og bygg kan gi eit slikt verktøy. Eit slikt verktøy vil vere viktig for måloppfølging i regionalplanen og i den kommunale planlegginga, særleg på kommuneplannivå.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.