Kvitsøy- eit livskraftig øysamfunn

Kvitsøy har hatt revidert kommuneplan på høyring. Kvitsøy innehar mange unike verdiar, til dømes eit særeige landskap. Fylkesmannen har innvendingar til tiltak som vi meiner utfordrar Kvitsøy sin eigenart, til dømes omsynssone til hotell i strandsona.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.08.2019

Konfliktgrad og hushaldering av jordbruksareal

Dei aller fleste endringane i kommuneplanen har ei form for konfliktgrad, då det meste av arealet anten er jordbruksareal eller kystsone. Fylkesmannen har motsegn mellom anna til manglande omsyn til stormflo ved havnivåstigning, strandsone og jordvern, men har fleire forslag til løysning ved tilpassing av arealforslaga. Til dømes er det lagt ut eit 9 dekar stort areal til utviding av offentleg og privat tenesteyting mellom skule, barnehage og aktivitetshall. Arealet er ein naturlig utvidingsretning, men Fylkesmannen stiller spørsmål til kor mykje av arealet det er behov for i planperioden.

Motsegn til hotellplan

Vi er positive til ei reiselivssatsing på Kvitsøy , men samstundes at lokalisering av hotell må vere mindre konfliktfull enn forslaget i planen. Vår vurdering er at lokaliseringa vil gi for store konsekvensar for det særprega landskapet. Omsynssona for hotellet ligg midt i eit svært sårbart landskapsrom, og at planane vil påverke den eksisterande landskapskarakteren på ein negativ måte. Det aktuelle området har svært viktige verdiar (klasse A- Naturbase) med mellom anna nært trua og sårbare artar. Tilgang på friluftsareal er avgrensa på Kvitsøy, og det er merka ein mye brukt tursti gjennom det aktuelle området.

Område for planlagt hotell.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.