Nytt jordvernmål vedtatt

I snitt har 1.200 dekar dyrka jord blitt nedbygd kvart år i Rogaland dei siste åra. Her frå Jåsund i Sola.
I snitt har 1.200 dekar dyrka jord blitt nedbygd kvart år i Rogaland dei siste åra. Her frå Jåsund i Sola.

Stortinget krev betre vern av matjord, og reduserer målet for årleg omdisponering av dyrka jord frå 6 000 til 4 000 dekar.

Stortinget behandla tirsdag denne veka forslag frå regjeringa til Nasjonal jordvernstrategi, og fastsette det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar. Stortinget ber regjeringa sørge for at målet blir nådd gradvis innan 2020. Vidare blir regjeringa bedt om å utgreie og vurdere ei rekkje tiltak og innskjerpingar i lovverket for å styrkje jordvernet. Mellom anna skal det vurderast ei forsterking av verneføresegna i jordlova.

I Rogaland har 12 000 dekar matjord blitt bygd ned dei siste 10 åra, noko som tilsvarar eit gjennomsnitt på 1 200 dekar årleg. Rogaland har om lag 10 % av jordbruksarealet i Noreg, og med det nye nasjonale målet bør ikkje Rogaland byggje ned meir enn 400 dekar kvart år. Fylket har derfor ein lang veg å gå for for å kunne bidra til at det nasjonale målet blir nådd. Hushaldering, transformasjon og fortetting ved kollektivknutepunkt og kollektivaksar må prioriterast framover for å sikre nasjonale jordverninteresser og matjorda i fylket.

Kontaktpersoner