Veksthus på sole er no å rekne som utbygd areal på markslagskart

Ei endring i inndelinga i markslagskarta (arealressurskart -AR5) krev no at dei fleste veksthus no tel som utbygd areal og ikkje lengre som fulldyrka.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.06.2019

Dei fleste nye veksthus ligg på fast sole, som regel på støypt golv, eller på pukk og grus. Det er derfor ingen grunn til at slike areal skal vere klassifiserte som fulldyrka, slik det har vore fram til no. Endringa i AR5-klassifikasjonen gjer at NIBIO (norsk institutt for bioøkonomi) frå no vil registrere veksthus med fast sole i det periodiske ajourhaldet av AR5. Det same gjeld opparbeidde tilkøyringsvegar og parkeringsplassar som høyrer til veksthusa. Veksthus utan fast sole, som ligg på jord som kan fornyast ved pløying, skal framleis klassifiserast som fulldyrka jord.

Det er ønskeleg at disse endringane blir registrerte i AR5 snarast, og me ber kommunane om å gjere dette i sitt kontinuerlege vedlikehald av AR5. Som eit hjelpemiddel i dette arbeidet har NIBIO laga eit kartlag over veksthus i FKB. Dette er tilgjengeleg som WMS i lenkja til høgre, og så ligg den på www.kilden.nibio.no og straks også på www.temakart-rogaland.no. Kommunen må då inn og vurdere om dei enkelte veksthusa ligg på fast sole eller om dei berre har takoverbygg over marka. Dersom eit veksthus ligg berre delvis på sole, skal delar over 0,5 dekar samanhengande jorddekt mark i veksthuset klassifiserast som fulldyrka jord. Minstearealet for å registrere areal som utbygd er 2 dekar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.