Status for handtering av landbruksplast i 2019

Lang rekke med rundballer
Rundballeplasten må ikkje bli eit miljøproblem. (Foto: Nono Dimby)

Landbruksplast står i dag utanfor bransjeavtalane for plastemballasje. Difor er det ikkje noko støtteordning for innsamling av landbruksplast.

Landbruket ønskjer likevel at Grønt Punkt Norge, som opererer på vegne av Plastretur, drifter returordninga for landbruksplast. Importørar av plast betaler difor ei miljøavgift som finansierer returordninga. 

Utsiktene for returordninga så langt i 2019, er eit nytt år med stort underskot. Styret i Plastretur har difor vedteke at returordninga med landbruksplast i 2019 og 2020, sett under eitt, må gå i null for at Grønt Punkt Norge skal drifte den vidare.

For å sikre at ei langsiktig vidare drift av returordningane for plast er det viktig at bøndene og gartnarar kjøper landbruksplast med vederlag, og at plasten blir sortert så godt som råd, med minst mogleg fukt og ureiningar. Reinare og betre sortert plast reduserer kostnadene for vidare handtering av plasten.

I Sør-Rogaland gjer 4H ein god innsats på innsamling av plast, og bøndene betaler villig for dette arbeidet.