Oppfølging av ulovleg nydyrking

Kommunen godkjenner nydyrking og kontrollerer at forskrift om nydyrking blir følgt opp. Av og til møter landbruksforvaltninga på tilfelle av ulovleg nydyrking. Her er eit forslag til korleis kommunen kan følgje opp slike saker.

Det kan vere snakk om:

  • Tiltak utan løyve: Arbeidet er sett i gang utan at det er søkt kommunen om nydyrking.
  • Nydyrking utover løyve: Tiltakshavar har fått godkjend nydyrking, men har dyrka meir enn han har fått lov til.
  • Brot på vilkår om nydyrking: Tiltakshavar har fått godkjend nydyrking, men har ikkje følgt opp vilkår i vedtaket. T.d. om bruk av dyrkingsstein, grøfter, avbøtande tiltak og liknande.

Forslag til oppfølging

Her er eit forslag til korleis kommunen kan følgje opp slike saker. Sakene skal journalførast i kommunen sitt arkivsystem, og Fylkesmannen skal i samsvar med § 12 varslast om brot på forskrift om nydyrking. Kommunen må alltid vurdere tidsaspektet i slike saker. Dersom det er behov for strakstiltak t.d. på grunn av fare for forureining, kan kommunen allereie under synfaringa pålegge tiltak. Eit pålegg om tiltak er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova med klagerett. Pålegg om tiltak må skriftleggjerast så snart som mogleg.

Saksgang

  1. Kommunen får melding om ulovleg nydyrking eller oppdagar det på anna vis.
  2. Dersom arbeid framleis skjer, bør kommunen pålegge stans i arbeidet. Heimel er § 4 i nydyrkingsforskrifta som krev av nydyrking berre kan skje etter plan godkjend av kommunen.
  3. Kommunen reiser ut på tilsyn og konstaterer dei faktiske tilhøva med m.a.:
    • Bilete
    • Markering på kart
    • Omtale av faktiske tilhøve.
  4. Dersom det er praktisk mogleg anbefaler vi å bruke skjema/protokoll der tiltakshavar kan lese igjennom og underteikne på gjennomført tilsyn. Kommunen kan bruke vedlagt skjema for tilsyn etter nydyrkingsforskrifta.
  5. Etter tilsynet blir kopi av protokoll frå tilsynet inkludert vedlegg sendt tiltakshavar. Samtidig varslast det eventuelle pålegg om tilbakeføring/retting. Eit varsel om tilbakeføring bør innehalde:
    • Omtale av faktiske tilhøve.
    • Oversikt over kva slags regelverk som er brote.
    • Informasjon om vidare saksgang. I kompliserte saker bør det utarbeidast ein konkret plan for tilbakeføring.
    • Dersom varsel om pålegg om tilbakeføring/retting: frist for tiltak og eventuell innsending av tilbakeføringsplan/informasjon/merknader. Merknadsfristen kan vere 2 veker. Det må vere tydeleg for tiltakshavar kva som er dei praktiske konsekvensane – stans i arbeidet, stans i mottak av masser og liknande.
  6. Pålegg om retting/tilbakeføring. Pålegg om retting er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova som tiltakshavar kan klage på. Her må det gå fram kva tiltakshavar skal gjere, samt tidsfrist for gjennomføring.
  7. Etter gitt frist konstaterer kommunen om retting/tilbakeføring er følgt opp i samsvar med vedtaket.

Bruk av tvangsgebyr

Kommunen kan be Fylkesmannen om å bruke tvangsgebyr etter jordlova § 20 for å sikre at vedtak etter nydyrkingsforskrifta blir følgt opp. Vi anbefaler at tvangsgebyr berre blir brukt i saker der ordinær oppfølging ikkje fører fram.

Følger for produksjonstilskot og regionalt miljøtilskot

Ulovleg nydyrking kan føre til at miljøkrava for areal- og kulturlandskapstilskot er brote. Kommunen må alltid vurdere om brot på forskrift om nydyrking kjem i konflikt med miljøkrava i forskrift om produksjonstilskot. Kommunen kan ikkje godkjenne tilskot til jordbruksareal dersom det utan løyve er gjort inngrep som forringer kulturlandskapet. Det gjeld uavhengig av krav om retting eller tilbakeføring. I tillegg må kommunen vurdere om produksjonstilskotet og regionalt miljøtilskot skal avkortast på grunn av regelverksbrotet. Landbruksdirektoratet gir for kvar søknadsomgang ut rundskriv med retningsliner for korleis kommunen skal handtere avkorting av produksjonstilskot og regionalt miljøtilskot.