Kor er det best å dyrke grønsaker?

På kartportalen Kilden kan vi sjå kor det er best å dyrke salat i Rogaland.
På kartportalen Kilden kan vi sjå kor det er best å dyrke salat i Rogaland.

Det er eit klart mål at bønder skal dyrke meir grønsaker. Nå har NIBIO utvikla nye kart som viser kor det er best å dyrke aktuelle slag av grønsaker i ulike delar av landet. Her finn vi fort at det er stort potensiale i Rogaland, sett både i høve til jordsmonn og klima.

Karta er nyttige både for næringa og forvaltninga, og er laga på grunnlag av jordsmonndata og værdata. 

Areala er delt inn i åtte klassar

Det er åtte ulike klassar:

imageav7nt.png

Når du går inn på kartet finn du at store område i Rogaland kjem i beste klasse. Samstundes er det faktorar som ikkje er med i modellen, eksempelvis steininnhald og djupne til fast fjell. Informasjon om kartløysinga finn du på NIBIO si nettside, der finn du link til kartversjonen Kilden.