Handtering av landbruksplast i 2019

Endringar i lovverk, dårleg avsetning av brukt plast og fall i råvareprisen for resirkulert plast har ført til opphoping av landbruksplast på plastmottak. Nettverket for innsamling av plast har fått utfordringar som må løysast gjennom ein samordna dugnad. Dette ligg til grunn for at Fylkesmannen og Grønt punkt inviterte viktige plastaktørar i Rogaland til eit samordningsmøte den 5. februar 2019.   

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.02.2019

Noreg er blant dei beste i verda på innsamling og gjenvinning av landbruksplast. Plastimportørar, bønder og gartnarar betaler ei miljøavgift når dei kjøper plast. Avgifta gjer at bønder gratis kan levere inn vaska og sortert landbruksplast til mottak.

Sentrale land, i hovudsak i Asia, har stansa mottak av all plast til gjenvinning frå Europa. Utan kjøparar av brukt plast har råvareprisen for resirkulert plast falt dramatisk. Mange plastmottak i Noreg nærmar seg difor fulle lager. Mottaka har likevel plikt til å ta imot plast, og stiller større krav til at plasten er godt vaska og sortert.

Landbruksplast står i dag utanfor bransjeavtalane for plastemballasje. Det inneberer at det ikkje er ei støtteordning for innsamling av landbruksplast. Landbruket ønskjer likevel at Plastretur og Grønt Punkt Norge skal drifte returordninga for landbruksplast. Skal returordninga fungere etter intensjonen må den difor vere sjølvfinansiert. Miljøavgifta pr. kilo rundballeplast er difor heva frå 21 øre til 1,56 kroner. For fiberduk, innernett og jorddekningsfolie som er dyrare å resirkulere, er prisen pr. kilo på 4 kroner.

Bøndene bidreg til billegare plastgjenvinning ved å sortere, vaske og levere tørr plast til plastmottaka. Kvit folie gir betre materialgjenvinning, og er òg billegare å resirkulere.

Konklusjonen frå plastmøtet den 5. februar var

  • Bøndene er innforstått med at marknadssituasjonen for landbruksplast er ei utfordring.
  • Det er vilje til samarbeid hjå plastinnsamlarar og landbruket.
  • Informasjon, fokus på kvalitet og minimering av plastforbruket i landbruket er viktige tema framover.
  • Kvar bonde bør finna gode løysingar garden med til dømes ein enkel miljøstasjon for alt produksjonsavfall på garden.
  • All plast som går til gjenvinning skal vaskast, tørkast og sorterast etter plasttype.
  • Fleire bønder bør samarbeide for sjølv å levere plasten til plastmottak, eller bidra til at til dømes 4H kan hente plasten mot eit vederlag. 
  • Importørar av landbruksplast som er medlem i Grønt Punkt Norge vil stå saman om å ta ansvar for å oppretthalde dagens retursystem. Det viktig at alle kjøper landbruksplast med miljøvederlag.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.