Forskrift om nydyrking er endra

Forbod mot nydyrking av myr er dermed tredd i kraft. Kommunane kan under gitte vilkår dispensere frå forbodet.

Om dispensasjon skriv Landbruks-og matdepartementet:

Det blir opna for at kommunen kan tillate dyrking av myr når grunneigar mister andre produksjonsareal på grunn av tap av leigejord eller ved utbygging i offentleg regi som samferdsletiltak eller liknande. Kommunen kan også tillate dyrking av myr der grunneigaren sin einaste dyrkingsressurs er myr, eller for å ivareta særskilte produksjonar i myr på fjellgrunn.

Konsekvensar for Rogaland

Det dyrkbare arealet i Rogaland er på omlag 188 000 daa. Om lag 30 000 daa av dette er dyrkbar myr utan vesentlege registrerte naturverdiar. Totalt reknar NIBIO at myr og sumpskog utgjer 6 prosent at totalarealet i fylket (NIBIO RAPPORT 5 (153)2019 ).

Klimatiltak

Regelverket er endra av omsyn til klima. Fylkesmannen i Rogaland har i uttale til Klimakur 2030 uttalt seg til forbod som nydyrking som klimatiltak. Ut frå både natur- og klimaperspektiv meiner me stans i omdisponering av myr bør gjelde uavhengig av type tiltak. I utgangspunktet bør det vere strenge reglar for omdisponering/omregulering av myr også til andre føremål enn nydyrking, så som utbygging.