Fakta om jordbruksarealet i Rogaland

Viktigaste føresetnaden for matregionen Rogaland er matjorda. Kor mykje jord ligg i botn for ei årleg verdiskaping på 6,3 milliardar kroner, med 6 300 årsverk på primærleddet og 3 300 sysselsette i den landbruksbaserte industrien?

NIBIO sitt arealbarometer viser produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk i Norge. Viktig kunnskap for folk flest,  verdikjeda, politikarar og forvaltninga. Barometeret viser også dyrkingspotensialet, rett nok ikkje kvalitetssikra i høve til natur- og miljøverdiar.

Her finn du barometeret for Rogaland og her kan du søkje på kommunar og fylke.