Bøndene er i full gang med 3.slåtten

Litt regn og godt med varme gir gode vekstforhold for graset, og bøndene kan sjå noko lysare på framtida.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.08.2018

Bøndene i Rogaland har hatt to strie år på rappen. I fjor var det vatnet som øydela mykje av avlingane over heile fylket. I år er det tørka som har gjort seg gjeldande for mange, men det er store variasjonar mellom regionane. Dalaneregionen er nok verst råka av tørke og svidde beite.

– Når regnet først kom i juli – august, fekk graset ein skikkeleg boost. Det som er spesielt bra i år er at 3. slåtten kjem 1 – 2,5 veke tidlegare enn normalt. Graset ser tjukt og godt ut, seier rådgivar Ole Arnfinn Røysland ved Norsk landbruksrådgiving på Særheim.

Ein del bønder har vald å ta tidleg 3. slått for å få tid til å ta ein 4. slått i september. Dette gir også etterlengta høve til å få ut husdyrgjødsel frå halvfulle lagre. Det går normalt om lag 6 veker mellom slåttane. Normalt utgjer 3. slåtten 15 - 20 prosent av den totale avlingsmengda med om lag 0,7 rundballe/dekar. I år vonar bøndene på minst 1 rundballe per dekar. Enkelte kan komme opp i 1,5 rundballe per dekar. God temperatur og god lufttilgang i jorda har ført til god mineralisering av husdyrgjødsel og andre næringsstoff som er bundne i jorda, slik at det er mykje tilgjengeleg næring for planterøtene. I tillegg opplever mange at ballane, særleg frå 1. slåtten, er mykje tørrare enn vanleg med tørrstoffprosent over 40. Mange har dermed dobbelt så mykje fôr i rundballane som vanleg. Det ser ut til at ein del bønder kan senke skuldrene litt.

– Humøret til bøndene stig i takt med grønfargen på beita, seier Ole Arnfinn Røysland.

Gode korn- og potetavlingar

I Rogaland blir det dyrka mest bygg og her er avlingane godt over 500 kg/dekar.

– Kornavlingane er normale og kvaliteten er ganske god, melder seniorrådgjevar Arne Vagle ved Norsk landbruksrådgiving på Særheim.

Det er nokre område ved kysten der det er lett sandjord og utan moglegheiter for vatning som har vore mest utsette for tørke. Nokre bønder har teke kornet til fòrkorn, men arealet er ikkje kjend. Totalt er det om lag 19 000 dekar med korn i Rogaland.

Mais, derimot, har hatt kjempeforhold i år.

Arne Vagle viser til eit forsøksområde for potet på Nærland dei har hausta nå i dag. Potetavlingane er over normalen; 6 tonn pr daa. Her må det leggjast til at det har vore vatna gjennom sesongen.

Oppsummert; tøffe tak for bøndene i Rogaland i år, men det vil helst gå godt!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.