Autorisasjon for bruk av gnagarmiddel

Frå 15. oktober 2018 er det opna opp for at personar som eig og/eller leiger ein landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte middel mot gnagarar. Dei må ha eit kurs i 'gnagerbekjempelse' i tillegg til gyldig autorisasjonsbevis for plantevernmiddel.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.04.2019

Norsk landbruksrådgiving Rogaland ved Arnfinn Særheim er godkjend instruktør for kurs i tiltak mot gnagarar. Dei har arrangert 12 autorisasjonskurs for bruk av gnagermiddel i Rogaland i perioden desember 2018–mars 2019.

Fylkesmannen i Rogaland har ansvaret for å sende ut og rette eksamensoppgåvene. Til saman 386 personar har deltatt på kursa, og av desse har 349 har bestått gnagermiddel-kurset. Av dei som har gjennomført kurset er 326 frå Rogaland. For å få autorisasjon for å bruke gnagermiddel må ein ha gyldig autorisasjon for plantevernmiddel.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.