Vil mangle over 100 000 dekar spreieareal for husdyrgjødsel

Spreiing av husdyrgjødsel.
Spreiing av husdyrgjødsel.

Innstrammingar i gjødselvareregelverket vil gi store konsekvensar for jordbruket i Rogaland. Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet har levert sine forslag til ny gjødselvareforskrift, og no blir det opp til styresmaktene å ta stilling til endeleg forskrift.

Regelverket må avklarast

Landbruksnæringa treng, som alle andre næringar, å vite sine rammevilkår for produksjon. Forskrift om organisk gjødsel har vore under revisjon sidan 2009. Det blei tidleg i prosessen klart at kunnskapsgrunnlaget var for dårleg. Undersøkingar av mellom anna næringsinnhald og mengd gjødsel frå ulike dyreslag blei gjort, og NIBIO blei beden om å evaluere ulike forslag til nye krav. 15. mars i år leverte Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet sine forslag til ny gjødselvareforskrift til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. No startar det departementale arbeidet. Opphaveleg plan var at ny forskrift skulle fastsettast med verknad frå 2018.

Fylkesmannen i Rogaland har gjentatte gonger spelt inn behov for snarleg avklaring av regelverket. Vi innser samstundes at konfliktfylte avklaringar tek tid.

 

Skjerpa krav til spreieareal

Landbruksdirektoratet vil behalde systemet med å rekne om ulike produksjonsdyr til gjødseldyreiningar, GDE. Det er framleis tatt utgangspunkt i at ein GDE svarar til utskilt mengd fosfor frå ei mjølkeku, men denne er oppdatert til at ei mjølkeku skil ut 15 kg fosfor. I noverande regelverk er det 14 kg fosfor per GDE, og krav om minst 4 dekar spreieareal per GDE. Vidare er oversikta over tal dyr per GDE oppdatert. I tabell 1 er tal GDE av dei ulike dyreslaga i Rogaland berekna etter nytt og gamalt system. Vi ser at tal GDE går ned for kraftfôrbaserte produksjonar, medan det er ein auke for pelsdyr. I berekninga er det ikkje tatt høgde for at kyr som mjølker meir enn 8 tonn/år får auka krav til spreieareal.

Landbruksdirektoratet foreslår å sette tak på 3 kg fosfor frå husdyrgjødsel per dekar, tilsvarande 5 dekar spreieareal per GDE. På sikt foreslår dei ei ytterlegare innstramming til 6 dekar spreieareal per GDE .

Miljødirektoratet foreslår å sette tak på 2,4 kg fosfor/dekar/år. Det svarer til 6,25 dekar spreieareal per GDE. Vidare foreslår dei på sikt ei ytterlegare oppstramming som svarar til 7,1 dekar spreieareal per GDE.

Både forslaga frå Landbruksdirektoratet og frå Miljødirektoratet vil føre til at Rogaland vil mangle svært mykje spreieareal for husdyrgjødsel. Vi har rekna på kor mykje areal som manglar viss det kjem krav om 5 eller 6 dekar spreieareal per gjødseldyreining (tabell 2).  Vi har ikkje full oversikt over kor mykje innmarksbeite som i dag er godkjend som spreieareal. I berekninga er det difor tatt utgangspunkt i at 70 prosent av innmarksbeita er godkjende som spreieareal. 

Tabell 1. Tal gjødseldyreiningar i Rogaland berekna ut frå søknad om produksjonstilskot i 2017 etter ny og gamal berekning. Det er ikkje tatt omsyn til ulik GDE-berekning ved ulik mjølkeyting. 

  GDE etter dagens regelverk GDE etter ny berekning Differanse
Storfe 80 628 80 628* -
Småfe 29 105  29 105 
Gris  27 389 21 784  -5 605 
Fjørfe 22 171  18 479  -3 692 
Hest  829 919  90 
Pelsdyr  2 031 4 074  2 043 
Sum 162 153  154 989  -7 164 

 

Tabell 2. Utslag av krav om 5 og 6 dekar spreieareal per gjødseldyreining i Rogaland

    5 dekar/GDE 6 dekar/GDE
Behov for spreieareal     774 946 daa  929 935 daa
 

Automatisk godkjend spreieareal i Rogaland

502 546 daa

 
   
 

Anslag om at 70 % av innmarksbeita kan godkjennast, og at desse har 20 % stein og tel 2/3 av ordinært spreieareal

 163 738 daa    
 Sum 666 284 daa     
 Mangel på spreieareal   108 662 daa  263 651 daa 

 

Eksempelbruk

Det vil variere frå gard til gard korleis auka krav til spreieareal vil slå ut. Mange gardbrukarar har knapt med spreieareal slik regelverket er i dag, og for desse vil sjølv den minste endring i regelverkskrav slå uheldig ut. På Jæren er det knapt med areal, og vanskeleg å få nye spreiearealavtalar.

Dersom det blir krav om 5 dekar spreieareal per GDE vil for eksempel:

  • Ein gard med 7500 verpehøns vil få krav om 26 dekar meir spreieareal enn i dag
  • Ein gard med 2100 slaktegris vil få redusert spreiearealbehovet med 70 dekar.
  • Ein gard med 105 avlspurker vil få auka spreiearealbehovet med 70 dekar.
  • Ein gard der med 60 mjølkekyr med ei yting på 8000 kg, 150 øvrig storfe og 2100 leverte slaktegris med ei slaktevekt på 130 kg vil få 40 dekar i auka spreiarealkrav.

 

Bruk av mineralgjødsel blir omfatta av nytt regelverk

I dag omfattar ikkje regelverket bruk av mineralgjødsel. Dette er no foreslått inkludert i forskrifta både gjennom innføring av tak på total mengde fosfor brukt per dekar, og krav til at gjødselvarer berre kan brukast på godkjend spreieareal.

 

Innmarksbeita

Det er framleis lagt opp til at innmarksbeite kan godkjennast som spreieareal. Ved godkjenning av nytt spreieareal må styresmakta vurdere konsekvensen gjødselbruken kan gi på natur- og kulturlandskapsverdiar, og om bruken gir ei driftsmessig god løysning.

Det er i tillegg foreslått å regulere oppgjødsling av nye beiteområde. Dette har lenge vore etterspurd av forvaltninga.

 

Uendra krav til lagerkapasitet

Kravet om 8 månaders lagerkapasitet for husdyrgjødsel er foreslått vidareført. Samstundes er spreievindauget for husdyrgjødsla innskjerpa til perioden 1. mars – 1. september. Forbodet mot spreiing på frosen eller snødekt mark blir vidareført.

 

Innføring av krav til ugjødsla randsone mot vatn ved breispreiing

Ved bruk av utstyr som kan gi avdrift av gjødsel, f.eks bruk av mineralgjødselspreiar, eller vanleg spreievogn for husdyrgjødsel, er det foreslått å innføre krav om 2 meter ugjødsla randsone i tillegg til vegetasjonssona. Det vil seie at så framt det ikkje blir brukt nedfellingsutstyr eller nedleggingsutstyr, så kan det ikkje gjødslast nærmare enn 4 meter frå vassdrag. Desse areala vil heller ikkje telle som spreieareal.

 

Rapportar:

NMBU: Husdyrgjødsel: oppdatering av mengder gjødsel og utskillelse av nitrogen, fosfor og kalium.

NIBIO: Evaluering av forslag til krav i gjødselvareforskriften for å redusere klimagassutslipp, ammoniakktap og nitrogenavrenning fra jordbruket

NIBIO: Utredning av forslag til forskriftskrav om tillatt spredemengde av fosfor i jordbruket

BIOFORSK: Konsekvensvurderinger av utkast til revidert forskrift om lagring og bruk av gjødsel til landbruksformål

NILF: Gjødselvareforskriften er under revisjon- mulige konsekvenser for jordbruket i Rogaland