Vil bøndene i Rogaland produsere korn?

Stadig færre bønder ønskjer å dyrke korn i Rogaland. Kornarealet i fylket har mellom 2001 og 2011 gått ned med 32 %. Same tendensen er å sjå på landsbasis.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.09.2012

Tal frå SSB viser at det totale kornarealet i Rogaland har gått ned frå 44 600 dekar i 2001 til 30 400 dekar i 2011. Omfanget av korndyrkinga her i fylket er svært lite i forhold til dei store kornfylka som Akershus, Østfold og Hedmark. Rogaland sitt bidrag til nasjonens kornproduksjon er avgrensa til omlag 1 % i 2011. Likevel ser vi ein liknande trend i alle desse fylka og i Noreg totalt, når det gjeld kornareal og tal produsentar.

Som tabellen visar var nedgangen i arealet 32 % i Rogaland og ca. 7 % i dei største kornfylka. Tal kornprodusentar i Rogaland gjekk ned med heile 60 %, medan reduksjonen i dei største kornfylka var mellom 27 og 40 %.

 tal føretak med korn og totalt kornareal i dei største kornfylka, samt Rogaland og Noreg totalt

Tabellen viser tal føretak med korn og totalt kornareal i dei største kornfylka, samt Rogaland og Noreg totalt.

Viss vi ser nærmare på Rogaland og kornarealet som det blei søkt produksjonstilskot for, så føregår mesteparten av kornproduksjonen på Jæren (ca 95 %). Størst kornareal finn vi i Klepp og Sola, med høvesvis 11 284 dekar og 6 155 dekar. Nedgangen har vore størst i kommunane Hå og Randaberg. I nokre kommunar blei korndyrkinga nesten lagt heilt ned (t.d. Egersund, Strand). I både Haugalandet og Dalane var det berre 1 søkjar av arealtilskot til korn i 2011. I Ryfylke var det 12 søkjarar.

Å oppretthalde kornproduksjon i Noreg er viktig i forhold til sjølvforsyningsgraden. I tillegg til matkornet er det stort sett fôrkorn som blir brukt i produksjon av kraftfor til husdyrhaldet.(1) Endringar i mengder og prisar på fôrkorn påverkar kraftfôrproduksjonen, og aukande kornprisar gjer kraftforet dyrare.

Etterspørselen etter fôrkorn er avhengig av utviklinga i husdyrproduksjonen, og kraftfôrkrevjande produksjon har auka dei siste åra, ikkje minst i husdyrfylket Rogaland. Kjøp av kraftfôr til husdyr auka frå 395 445 tonn i 2009 til 417 386 tonn i 2011 (+ 5,5 %).(2) Med minkande kornareal og aukande etterspørsel etter kraftfôr går prisane på kraftfôr opp, noko som vi alt har sett dei siste åra. I tillegg har vêrforholda dei siste åra påverka den totale kornavlinga i Noreg negativt, og det har såleis sett kornproduksjonen under ytterlegare press.

Det dårlege kornåret 2011 kan ha sett fart på reduksjonen i kornarealet i fylket - i tillegg til det store behovet for grovfôr til alle dyreslag. To dårlege sesongar med gras og dårleg overvintring av eng kan nok bety at gardbrukarane priorriterer meir gras/surfôr og mindre areal til korn.(3)

Figuren viser kornarealet i dekar per region. Jæren er også spesifisert per kommune.

Kornareal i dekar, Rogaland

Grunnen til at det er avvik mellom Rogaland sitt kornareal i den første tabellen og denne i figuren er at den første brukar registrerte kornavlingar frå Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar frå Statens landbruksforvaltning (SLF), medan den andre tabellen er basert på kornarealet som blei søkt produksjonstilskot hos SLF for. Det er fleire som søkte tilskot enn som leverte korn. Dette kan ha samanheng med dei dårlege avlingane i fjor.

Kjelde SSB tabell 04607: Areal av korn- og oljevekstar (F) Her blir det brukt registrerte avlingar frå Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar frå Statens landbruksforvaltning

Kjelde SLF PT- databasen; spørjing utført av Fylkesmannen i Rogaland. Dette gjeld tal søkjarar og areal som det blei søkt produksjonstilskot for.


(1) SLF skreiv i sin Markedsrapport 2011 at den gjennomsnittlege kornprosenten i kraftfôr var 60 prosent dei siste 10 åra.Kjelde SLF Markedsrapport 2011 – Pris- og markedsvurderinger av sentrale norske landbruksvarer, kpt 2.2.2
(2) Kjelde SLF Totalsalg kraftfôr til husdyr åra 2009 og 2011
(3) Korrespondanse med Ragnvald Gramstad (Norsk landbruksrådgiving Rogaland)

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.