Tilbyr rådgiving i heile fylket

Norsk landbruksrådgiving Rogaland, kortare sagt NLR Rogaland, gir råd til bøndene om alt frå grovfôrdyrking til skjøtsel av kystlynghei. Dei er ein viktig faginstans i landbruket, og har tilsette på Helleland i sør til Ølen i nord.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.02.2018

Norsk landbruksrådgiving, NLR tilbyr uavhengig rådgiving til bøndene, og speler ei sentral rolle i utviklinga av landbruket. Dei er eit bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket. NLR Rogaland er ein del av Norsk landbruksrådgiving som er landsomfattande. Over jordbruksavtalen er det for 2018 avsett 84,5 mill. kroner til NLR. Nyleg slo alle NLR- einingane i Rogaland seg saman til ein organisasjon, og danna NLR Rogaland. Dei har til saman 26 tilsette. Kontorstadane er dei same som tidlegare; Helleland, Særheim, Haugesund og Ølen. 

Sterk på grovfôrrådgiving

I husdyrfylket Rogaland dyrkast det gras på 95 prosent av jordbruksarealet. Naturleg nok er grovfôrproduksjon og beitebruk sentralt i arbeidet til NLR. Dei gir faglege råd om dyrking, lagar gjødslingsplanar og tek jordprøvar. Dei har i tillegg ei sentral rolle når det gjeld formidling av mjølkekvoter og ledig spreieareal for husdyrgjødsel.

Andre produksjonar

NLR Rogaland har i tillegg kompetanse på andre område som t.d. dyrking av korn, potet og grønsaker. Dei lagar også skjøtselsplanar drift for av areal med viktig biologisk mangfald som t.d. kystlynghei.

På heimesida til NLR kan du lese meir om NLR Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.