Om tilskot til drenering i 2013

I 2013 fekk Rogaland løyvd kr 5,1 millionar øyremerka til grøftetiltak på dyrka jord. Det vil ta tid før forskrifta om ordninga er klar og vedteken nasjonalt. Interessa for ordninga er stor i næringa. Dette gir håp om mykje aktivitet i 2013.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.02.2013

Ordninga med dreneringstilskot skal administrerast gjennom SMIL-ordninga, men det ikkje opning for å løyve midlar til drenering gjennom SMIL-forskrifta. Alle søknader på drenering skal handsamast etter ei eigen forskrift som Landbruks og matdepartementet no arbeider med.

Forskrifta om drenering som vil bli sendt på høyring så snart eit forslag er klart.
Intensjonen er å byggje opp ei god ordning med dreneringstilskot for mange år framover.
I arbeidet med forskrifta skal det mellom anna vurderast:

  • om ordninga berre skal gjelde drenering av tidlegare dyrka mark
  • om tilskotet skal gjelde for både systematisk og usystematisk drenering
  • om høgaste utbetalte beløp for dreneringsinnsats skal vere kr 1000 per dekar
  • om det skal settast ei nedre grense for samla utbetalt tilskot (minst 5 – 10 000 kr)
  • om kommunen og kanskje landbruksrådgivinga vil få oppgåver i forvaltning og planlegging


Må vente på forskrifta før løyve eventuelt kan gis!
Vinteren er ei særs høveleg tid for dreneringstiltak i mange jordartar. Difor er det forståing for at mange bønder er interesserte i å starte eit dreneringsarbeid snarast råd. Forvaltninga kan likevel ikkje løyve dreneringsmidlar før forskrifta er vedteken. Følgjande er allereie avklart:

  • det vil ikkje bli opna for å gje tilskot til drenering i samband med nydyrking
  • dreneringstiltak som er starta før tilskot er løyvd, kan ikkje rekne med å få tilskot

Ei jord i god dreneringstilstand er ein føresetnad for blant anna god plantevekst, gode driftsforhold, god utnytting av tilført næringsstoff og redusert avrenning av næringsstoff. Å investere i rett type drenering er, uavhengig av blant anna tilskot, kostnad og arbeidsinnsats, - viktig for å oppretthalde eit aktivt og intensivt landbruk der omsyn til miljø også skal ivaretakast.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner