Plantehelseregelverket og flytting av jord

Mattilsynet har sendt brev til kommuane i Rogaland for å informere om regelverket som gjeld dersom matjord skal flyttast. Målet er å hindre at planteskadegjerarar blir spreidd i samband med flytting av jord.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.01.2013

I Rogaland er det stor aktivitet med utbygging og anleggsverksemd og ofte blir mykje matjord flytta. Plantehelseregelverket skal hindre at planteskadegjerar blir spreidd i samband med flytting av jord. Kommunane som planstyresmakt har ansvar for å sikre at skadegjerarar ikkje blir spreidde.

Det er forbode å spreie planteskadegjerarar som til dømes kvit og gul potetcystenematode, lys ringråte i potet, potetkreft og rød marg i jordbær. I tillegg er det eigen forskrift om floghavre. Dersom jord skal flyttast, må ein få avklart kva status jorda har. Ta kontakt med Mattilsynet lokalt for å få oversikt over kva restriksjonar det eventuelt er på jorda.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.