Tid for å søkja tilskot til investeringar i organiserte beiteområde

Det er nå tid for å laga søknad om tilskot til investeringstiltak. Søknadsfristen er 15. mars 2020. Tiltak det kan søkjast tilskot til er til dømes sperregjerde, sanke-/skiljeanlegg, bruer og liknande.

Rogaland har ein liten kronepott (kr 400.000,-) til fordeling. Det gjer at vi har vore restriktive til tildeling til blant anna sankehytte og nye elektroniske anordningar. Nytt av året er at det er ei nasjonal føring at vel 25 prosent av midlane skal gå til investeringar knytt til ny teknologi.

Søk gjennom Altinn

Beite-/sankelag som vil søkja om tilskot til konkrete investeringstiltak må søkja til kommunen innan 15. mars 2020. Nytt i år er at beitelaga skal søke elektronisk gjennom Altinn.no. Det kan vera nødvendig å leggja ved vedlegg som til dømes kart over beiteområdet med plassering og nærmare beskriving av tiltaket, samt avtaler med grunneigar m.m.

Hjelp til å søkja

På heimesida til Landbruksdirektoratet finn de meir informasjon om ordninga og link til søknadsskjema i Altinn.no. De finn skjemaet på Altinn når de søkjer på «Tilskudd til tiltak i beiteområder». Her finn de òg god forklaring til utfylling. Sjå òg på det nye rundskrivet som beskriv ordninga. Vi meiner det er viktig at tilskotet går til tiltak som kan vera med på å redusera tap på beite, betre tilsyn gjennom sesongen, og forenkla sankinga om hausten.

Kommunane tildeler tilskot

Det er nå  kommunane som skal tildele midlane direkte gjennom fagsystemet Agros. Fylkesmannen fordeler midlar til kommunane og mellom kommunane, slik at pengane blir brukte best mogleg. Etter søknadsfristen 15. mars 2020 sender kommunane ein oversikt over søknader og behov til Fylkesmannen. Fylkesmannen fordeler deretter ut midlane etter prioritering og behov. Vi har som mål at beitlaga i god tid før sommaren veit om dei har fått innvilga søknaden.