Styrkar innsatsen for betre husdyrhald

Mjølkeku ved vassmadrass
Mjølkeku ved vassmadrass (Foto: Eli Munkeby Serigstad / Fylkesmannen i Rogaland)

Fylkesmannen gir 350 000 kr til prosjektarbeid retta mot bøndene med mål om betre dyrevelferd og dyrehelse.

Midlane skal mellom anna brukast til å motivere bøndene til å ta e-læringskurs om regelverk, gjennomføre tematiske samlingar og studieturar, initiere forskingsprosjekt og styrke kunnskapsgrunnlaget.

Bransjen har felles mål

Dyrevelferd har fått stor merksemd, spesielt i Rogaland, dei siste to åra. Når det gjeld dyrehelse, er Rogaland eit risikofylke med stor dyretettleik og mykje transport av dyr og varer. Landbruksbransjen med foredlingsindustrien som hovudaktørar er samde om at dei ikkje skal konkurrere på dyrevelferd og dyrehelse. Bransjen ønskjer å betre situasjonen ved å sette i gang eit program med tilhøyrande aktivitetar og tiltak.

Høgt prioritert

Fylkesmannen i Rogaland har i løpet av dei siste fire åra trappa opp innsatsen retta mot dyrevelferd og dyrehelse, fordi vi har sett og erfart at Rogaland er eit sårbart fylke med tanke på risiko for utbrot av smittsame sjukdommar. Vi har og registrert større pågang av saker relatert til brot på dyrevernslova. Det har resultert i at vi saman med andre offentlege aktørar og den regionale partnarskapen har blitt einige om å gi høg prioritering til prosjekt og prosessarbeid relatert til dyrevelferd og dyrehelse ved tildeling av utviklingsmidlar.

Langsiktig satsing må til

Fylkesmannens landbruksavdeling har gjentatte gangar hatt rolla som den nøytrale parten i bransjemøta der konkurrerande industriverksemder med tilhøyrande produsentlag samlast for å drøfte og bli einige om moglege løysingar på ulike problemstillingar.

Det er starta fleire 1 – 2-årige prosjekt innan dyrevelferd/dyrehelse i Rogaland dei siste to åra, og som klart har gitt positiv effekt. Likevel har det under bransjemøta kome fram at både næringa og vi ser behov for ei felles, langsiktig satsing som skal løfte bønder sitt kompetansenivå og styrke konkurransekrafta i husdyrhaldet og i industrien.

Tillit er ein føresetnad

Husdyrproduksjonen i Matregionen Rogaland er omfattande og av nasjonal betydning. Fylkesmannen i Rogaland meiner det er vesentleg for nasjonen si matsikkerheit at husdyrnæringa i fylket er god på dyrevelferd og dyrehelse trass mange risikofaktorar. Vidare meiner vi at det er særs viktig at arbeidet med dyrevelferd og dyrehelse blir oppretthaldt med minst same kraft som i dag. Rogalandsbøndene må gjenreise tillit og styrke sitt omdømme som seriøst husdyrfylke med kompetente bønder, og da er dette bransjeprosjektet etter vår vurdering avgjerande.

Midlane blir formelt gitt til Rogaland landbruksselskap. Bak Rogaland landbruksselskap står bonde- og samvirkeorganisasjonane saman med Rogaland fylkeskommune med landbruksdirektøren hos Fylkesmannen som leiar. Selskapet har lang erfaring med å leie utviklingsprosjekt til beste for landbruket i Rogaland.