Saman om god dyrevelferd

Husdyrnæringa står samla om at god dyrevelferd er ein botnplanke i næringa og at det ikkje er på dette området det skal konkurrerast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.07.2019

Matregionen Rogaland, med sine 4 100 gardsbruk og næringsmiddelindustri, veit at god dyrevelferd er ein kvalitet vi ikkje kan gå på akkord med.

Fylkesmannen i Rogaland samla for drygt eitt år sidan husdyrnæringa og Mattilsynet til møte om dyrevelferd. Bakteppet for møtet var Mattilsynet sin slaktegriskampanje, men temaet var dyrevelferd generelt i alle produksjonane. Diskusjonen var god og konstruktiv, og resulterte i ein prosess vi kallar «Smilefjos i Rogaland». Sidan då har vi hatt tre møte, der det siste var den 11. juni i år.

Treng haldningsendring

På møtet den 11. juni deltok m.a. Rogaland Bondelag, Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, TINE, Q-Meieriet, Fatland, Nortura, Prima, Norsvin, Fjørfeavlslaget, Tyr og Rogaland Sau og Geit. Vi blei skikkeleg utfordra av forskar Oddveig Storstad frå NIBIO/NTNU og Ola Nafstad frå Animalia. Storstad presenterte resultat frå spørjeundersøkingar og intervju der bønder mellom anna har tatt stilling til påstandar om dyrevelferd og Mattilsynet.

– De må sjå dykk i spegelen. Haldninga hjå bøndene på Jæren er rett og slett ikkje gode nok, - sa Storstad.

Meir frå hennar presentasjon finn du i Bondevennen nr. 21 i år.

Behov for meir kompetanse

Prosessen rullar vidare og neste fellesaktivitet er under Agrovisjon 2. november i Stavanger Forum. Målet med samlinga er kompetansebygging, og det overordna temaet er dyrevelferd. Målgruppa er bønder og rådgivarar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.