Rogaland styrkar posisjonen som husdyrfylke

Sidan 2010 er det blitt 146 fleire bruk med ammeku i Rogaland. Mange nye produsentar vil gi betydeleg meir kjøt i ein marknad som snart vil mettast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.12.2018

Ferske tal frå Bondebladet viser at Rogaland auka sin del av ammekuprodusentar frå 12,9 prosent til 14,6 prosent i perioden 2010 – 2018. Merk at dette gjeld produsentar, og ikkje den reelle produksjonen målt i tal dyr og kilo kjøt. I 2018 var det 786 bruk med ammeku i Rogaland.

Målretta innsats

Auka produksjon av mat basert på norske råvarer er eit nasjonalt mål i landbrukspolitikken. Landbruksnæringa i Rogaland har i dei siste åra satsa spesielt på kjøtproduksjon. Årsaka var underdekning i marknaden og eit uttalt potensiale for auka verdiskaping basert på store grasressursar i fylket. Bønder, industri, faglag og offentlege aktørar gjennomførte «Storfeprosjektet i Rogaland» i åra 2013 – 2017. Prosjektet som omhandla kompetanseheving og individuell rådgiving for bøndene har gitt gode resultat. Marknaden er i ferd med å mettast og bøndene har bidratt til å auke produksjon av mat frå Rogaland. Det er gledeleg at auken har vore størst utanom flat-Jæren, og den i stor grad er basert på beiteressursar.

Sterk produksjonsvilje

Rogaland har eit sterkt husdyrmiljø med ein spesiell produksjonsvilje. Desse drivarane viser godt igjen når nye satsingar skal settast i gang. Det blir skapt stort engasjement og optimisme, som realiserer seg i fornying av produksjonsapparatet eller nyetablering.

Regionale forskjellar

Vi kan lese frå dei same tala at andre område med typiske beiteressursar, som nordover vestlandet, ikkje har hatt auke i tal ammekuprodusentar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.