Pelsdyr – viktig å få til gode prosessar saman med kvar enkelt farmar

Fylkesmannen skal forvalte kompensasjonsordninga for avvikling av pelsdyrhald i Noreg. Vi må møte folk med respekt og forståing for situasjonen dei er i.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.03.2020

Rogaland har mellom 65 og 70 føretak som driv eller har drive med pelsdyr i perioden 2016–2019. Kor mange av desse som kjem til å søkje om kompensasjon for avvikling av pelsdyrhaldet, riving og opprydding, eller når dei kjem til å søkje, veit vi ikkje. Det er heller ikkje sikkert at alle oppfyller grunnvilkåra for å få kompensasjon. Det vi veit er at alle sakane er unike, og krev si individuelle behandling. Bak kvar søknad er det folk og familiar. Dei må vi møte på ein god måte, med respekt og forståing for situasjonen dei er i. Dette er spesielt viktig sidan saka rører ved deira livsverk, som gjerne er bygd opp gjennom generasjonar, og sidan regelverket gir klare rammer for kva som kan kompenserast og ikkje.

Tett kontakt med næringa

Fylkesmannen i Rogaland har hatt tett kontakt med pelsdyrnæringa i tida etter at avviklinga av næringa blei vedtatt. Seinast 15. januar 2020 møtte vi næringa til informasjonsmøte om det dagsferske rundskrivet. Samlinga var det Pelsdyrlaget som hadde kalla inn til, og det var opent for alle farmarar. Vi reknar med at om lag 40 farmar var representerte på samlinga. I tillegg møtte tilsette og tillitsvalte i pelsdyrnæringa. Det var sett av tid til grundig gjennomgang av regelverket, og god tid til spørsmål.

Vi har gitt tilbod om besøk til alle farmarar. Under besøka vi vil informere om moglegheiter og avgrensingar i kompensasjonsordninga slik vi ser det for kvar enkelt farm. Rogaland Pelsdyralslag har fått utvikling- og tilretteleggingsmidlar slik at dei kan tilby hjelp og støtte i prosessane for dei farmarane som er i ein vanskeleg situasjon, og som treng ekstra støtte.

Endra kompensasjonsordning

Tysdag den 11. februar 2020 vedtok Stortinget å endre kompensasjonsordninga. Det betyr at LMD må endre eller utarbeide ei ny forskrift for kompensasjon. Arbeidet vil ta tid, men vi håper at eit nytt regelverk vil vere på plass innan sommaren. Mange farmarar vil nok vente med å søkje til dei veit meir om kva som ligg i det nye regelverket.

Vedtaket har gitt nokre nye utfordringar. I Rogaland har vi fått inn to søknadar som framleis ikkje er behandla. I tillegg har vi 6–8 føretak som har vore i kontakt og spurt korleis dei skal gå fram i søkjeprosessen. Etter endringa 11. februar har vi fått fleire spørsmål både frå næringa sine representantar og frå enkeltføretak. Kan vi få behandla søknaden etter dagens regelverk, og få ut noko kompensasjon no? Vil min sak bli tatt opp på nytt når endra regelverk er klart? Kan vi starte prosessane med riving og opprydding?

Vi har ikkje kunna gitt heilt klare svar på desse spørsmåla ennå. Vi kan behandle søknadane etter gjeldande regelverk, men vi kan ikkje gi svar på om det er lurt. Vi kan ikkje seie noko om behandla søknadar blir tatt opp att ved nytt regelverk. Det vil òg, naturleg nok, vere meir krevjande å taksera ein farm som er riven. Før vi behandlar ein sak etter gjeldande regelverk må vi vere sikre på at søkar faktisk vil det.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.