Nær ei dobling av sal av mjølkekvoter

Mjølkeku på beite
Mjølkeku på beite (Foto: Eli Munkeby Serigstad / Fylkesmannen i Rogaland)

94 bønder frå Rogaland sel mjølkekvota si. Det viser foreløpige tal frå Landbruks- og matdepartementet.

Gjennomsnittleg sal av mjølkekvote til staten har i perioden 2015 – 2019 vore på 995 600 liter for Rogaland. I år er dette auka til 1 738 900 liter.

27 av seljarane er aktive mjølkeprodusentar.

– Det store spørsmålet er kor desse 27 aktive mjølkebøndene held til. Vi er særleg spente på kor hardt distriktsmjølka blir råka, seier landbruksdirektør Geir Skadberg.

I 2018 var gjennomsnittet for mjølkekvote per bruk i Rogaland på 247 548 liter, noko som gir om lag 34 mjølkekyr per bruk. Tala viser at det er dei små og mellomstore mjølkebruka som sel kvotene, og dei finn vi som oftast i distrikta. 82 prosent av seljarane har færre enn 21 mjølkekyr.

Av dei 94 seljarane har (grunnkvote i parentes):

  • 11 bønder færre enn 7 mjølkekyr (< 50 000 liter)
  • 37 bønder mellom 7 og 14 mjølkekyr (50 000 og 100 000 liter)
  • 29 bønder mellom 14 og 21 mjølkekyr (100 000 og 150 000 liter)
  • 14 bønder mellom 21 – 28 mjølkekyr (150 000 – 200 000 liter)
  • 1 bonde mellom 28 – 35 mjølkekyr (200 000 – 250 000 liter)
  • 2 bønder mellom 35 – 42 mjølkekyr (250 000 – 300 000 liter)

Store endringar for bøndene

Det er mange faktorar som speler inn når valet om å selje kvote tas av bøndene. Vi kan nemne nedskalering av mjølkeproduksjonen som følje av bortfall av eksportstøtta frå 2020, nye krav til sjuke- og kalvingsbinge og mosjonskrav som trer i kraft 2024, og krav om lausdriftsfjøs frå 2034.

Vil du vite meir om mjølkekvoter, sal og nedskalering, så finn du det på heimesidene til Landbruks- og matdepartementet.