Meir enn berre mjølk

I 2019 blei 35 prosent av mjølka i Rogaland produsert i distrikta. Kva blir resultata av pågåande oppkjøpsrunde for mjølkekvoter? Og kva skjer når vi ikkje lenger kan produsere mjølk i båsfjøs? Vi har spurt bøndene i Vindafjord og Suldal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.03.2020

Mjølk er diskusjonstema som aldri før. Ernæring, næring, nedskalering, ressursutnytting og struktur. Mjølkeproduksjonen er den viktigaste verdiskaparen i landbruksfylket Rogaland med om lag 1,4 milliardar kroner årleg på bondeleddet. Det produserast i dag kumjølk i 22 av våre 23 kommunar. Sjølv om det nærmar seg 10 år sidan Regionalplan for landbruk i Rogaland blei vedtatt, er planen like relevant i dag. Målsettinga er at mjølkeproduksjonen i distrikta held fram med minst same volum som i år 2010. Og i dag ligg vi rundt dette målet. I 2019 blei 35 prosent av mjølka i fylket produsert i distrikta våre. Det er bra.

Resultata frå oppkjøpsrunden

Så blir det nesten reine krimromanen å følgje med på om distrikta i fylket vil svekke sin posisjon i desse nedskaleringstider. I oppkjøpsrunden hausten 2019 blei det seld kvotar frå 93 føretak i Rogaland. Overraskande mange frå sentrale strok (Jæren). Om lag 63 av desse var leigekvotar. Resultatet blir 30 færre aktive mjølkebruk i fylket. Resultata frå den pågåande oppkjøpsrunden som starta 2. januar i år kan du lese om i ein eigen artikkel.

Kva svarer bøndene i Vindafjord og Suldal?
Lausdriftskravet i 2034 er ein x-faktor. Kva tenkjer bøndene om si framtid som mjølkebonde? Fornyinga skjer i ulikt tempo rundt i fylket. For å ta tempen på mjølkeproduksjonen valde vi å spørje bøndene i Vindafjord og Suldal, to distriktskommunar som framleis har mange båsfjøs. Vi har fått svar;

  • Bøndene har stort behov for å fornye, først og fremst mjølkefjøset.
  • I Vindafjord vil 67 prosent av dei med båsfjøs bygge innan 2034.
  • I Suldal er det mindre interesse for å bygge, og over 50 prosent ønsker å selje garden til nye drivarar i løpet av dei neste 15 åra. Fleirtalet vil selje garden innan familien. Heile 53 prosent av bøndene med båsfjøs svarer at dei planlegg å avvikle.
  • Dei som vil bygge er under 50 år og har ei snittkvote på 150 000 liter. Utfordringane dei ser framover er låg inntekt, mangel på godt omdømme som bonde og for liten politisk satsing på mjølk. Det er berre 58 prosent som meiner dei får den rådgivinga dei ønsker. Her er det nok å ta tak i.
  • Dei som vil avvikle mjølkeproduksjonen i løpet av dei neste 15 åra er bønder over 55 år. Dei har vore bonde i rundt 30 år og har ei snittkvote på 115 000 liter. Det hindrar dei i å investere er økonomiske forhold, spesielt gjeldsnivået etter bygging. Mange av desse er i alderen der ein må begynne å tenke på generasjonsskifte på garden.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.