Kompensasjonsordninga til pelsdyrbøndene må bli betre

Vårt viktigaste råd er at det i 2019 blir gjennomført ei individuell kartlegging av stoda hos kvar einskild farmar, og at dette arbeidet blir sentralt i utforminga av kompensasjonsordninga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.01.2019

Landbruks- og matdepartementet har på høyring lov om forbod mot hald av pelsdyr og forslag til ei økonomisk kompensasjonsordning. I forslaget til kompensasjonsordning er det stipulert eit samla beløp på 365 millionar kroner.

Tilrår individuell kartlegging

I høyringsdokumentet blir det vist til at det er fleire usikre faktorar knytt til Menon Economics sine konklusjonar. Vi går ikkje i detalj på desse konklusjonane, men ber om at det blir gjennomført individuelle kartleggingar av stoda hos farmarane. Vi tilrår at ei slik kartlegging blir gjort av det offentlege. Det vil etter vår vurdering gi styresmaktene eit betre grunnlag for å lande ei meir rettferdig ordning enn forslaget i høyringa.

Hovudpunkta i vår uttale er at:

  • Kompensasjonsordninga må utformast slik at farmarane får høve til å avvikle drifta raskt.

  • Ordninga omfattar ikkje tap av framtidig inntekt, og ei forlenging av avviklingsperioden ut over 2025 kan gi ei betre løysing for nokre farmarar.

  • Ordninga må utformast slik at oppdrettarane ikkje sit att med restgjeld knytt til pelsdyrføretaket.

  • Det må bli kompensert for reelle avviklingskostnadar.

  • Omstillings- og utviklingsdelen av ordninga må ikkje berre fokusere på økonomisk kompensasjon, men også på kompetanseutvikling.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.