Kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald

Pelsdyrbønder som har bestemt seg for å avvikle nå kan søke om kompensasjon for pelsdyr og pelsdyranlegg.   

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.12.2019

Skjema for kompensasjon

Landbruksdirektoratet har oppretta eigne sider der du som pelsdyrbonde finn informasjon om gjeldande regelverk, og korleis du søker om kompensasjon. Sidene blir oppdaterte etter kvart som ny informasjon eller skjema er klar.

Du som pelsdyrbonde kan også søke om å få dekt utgifter i samband med riving og opprydding etter avvikling av produksjonen. I så fall, må du fylle ut ein enkel mal som viser korleis og når arbeidet skal gjennomførast.

Vedtak om kompensasjon

Søknaden blir automatisk sendt elektronisk til Fylkesmannen som gjer vedtak om kompensasjon.

Klagerett

Dei som ønsker å klage på vedtak gjort av fylkesmannen får klaga si behandla i Landbruksdirektoratet.

Fristar

  • Frist for å søke om kompensasjon for ikkje realiserbar drift- og anleggskapital (bokført verdi), avlstisper og større kostnader er 12 månader etter at du har avvikla pelsdyrhaldet.
  • Frist for å sende inn søknad om kompensasjon etter riving og opprydding er 31. desember 2025.

Ansvar for ordninga

Stortinget har vedtatt at pelsdyrproduksjonen skal avviklast innan 2025. Landbruksdirektoratet har ansvaret for å forvalte ordninga som er basert på gjeldande lov og forskrift:

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.