Kommunar og vaktdistrikt kan søkje stimuleringstilskot for å sikre veterinærtenester – søknadsfrist 3. mai

Tilskotet skal bidra til å sikre tilfredstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.03.2020

Fylkesmannen i Rogaland har 548 000 kroner til fordeling i 2020.

Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte for å oppretthalde kommunale veterinærstillingar. Den tilsette òg kan bidra til å løysa andre oppgåver i kommunen som krev veterinærkompetanse.

Landbruksdirektoratet har laga ein rapport som syner næringsgrunnlaget i kommunen. Alle kommunar kan søkje, men Fylkesmannen skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfelle skal administrasjonskommunen søkje.

Lever søknaden i Altinn

Nytt frå 2020 er at søknaden skal leverast digitalt via Altinn. Skjemaet heiter «Stimuleringstilskudd til veterinærdekning». Frist for å søkje er utsett frå 19. april til 3. mai 2020.

Prioriteringar for tilskot

Fylkesmannen vil prioritere stimuleringstilskot til:

  • kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller med lavt dyretal og krevjande infrastruktur
  • kommunar som har vanskar med å rekruttere og halda på veterinærar, og som har, eller vil, etablere hensiktsmessige tiltak for å avhjelpe situasjonen

Meir informasjon er å finne i Rundskriv 2019-43: «Stimuleringstilskudd til veterinærdekning for 2020», på Landbruksdirektoratets nettsider.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.