Hesten som ressurs – ny nasjonal rettleiar

Hestehald er blitt mykje populært, og tal hestar i Noreg er no ca. 91.000. Verdiskapinga i hestenæringa samla sett er stipulert 7,4 milliardar kroner. Landbruks- og matdepartementet (LMD) har utarbeidd ein nasjonal rettleiar «Hesten som ressurs» for å profesjonalisere næringa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.07.2018

Frå soldat og træl til trav og terapi

Hestehald er blitt mykje populært, og tal hestar i Noreg er no stipulert til rundt 91.000 i følgje Norsk Hestesenter.

Før i tida var hesten mest eit arbeids- og nyttedyr, brukt både i det militære og sivile liv, ikkje minst som trekkdyr på gardane. I dag blir hesten brukt i eit vidt spekter av aktivitetar, frå rekreasjon, idrett og spel til turisme og terapi. Framleis finn vi «skikkelige arbeidshestar» som mellom anna blir brukt til skogsarbeid og til kløv. Trav og galopp har dei fleste høyrt om, men aktivitetar som fysikalsk terapiriding og bruken av hesten som pedagog-, helse- og sosialarbeidar er mindre kjent.

Stor verdiskaping

Verdiskaping i hestenæringa er samla sett stipulert til 7,4 milliardar kroner i følgje Landbruks- og matdepartementet (LMD). Då reknar ein med omsettinga og årsverka i verdikjeda frå tradisjonelt jord- og skogbruk, avl og oppdrett, produksjon av fôr, utstyr, trening- og konkurranse med trav- og galopphestar, sysselsetting på rideskular, turisme, helseaktiviteter med meir. Regjeringa meiner potensialet for ytterlegare verdiskaping er stor. Det blir vist til Sverige der verdiskapinga er anslått til 48 milliardar SEK (tilsv. 44 milliardar NOK). Sjølv om befolkninga i Sverige og tal hestar er det dobbelte av i Noreg, er verdiskapinga i hestenæringa likevel relativt mykje større i Sverige. Det burde difor vere mogleg å gjere meir innan denne sektoren i vårt land.

Saman med hestenæringa har Landbruks- og matdepartementet utarbeidd ein nasjonal rettleiar «Hesten som ressurs». Den nye rettleiaren inneheld viktig faktainformasjon, har lenker til aktuelt regelverk, omtale av viktige kompetansemiljø og viser til gode døme på korleis ein kan bruke hesten i næringssamanheng.

Norsk Hesteregister (NHR)

Noreg har også nyleg fått på plass eit nasjonalt hesteregister. Alle hestar skal ha eit hestepass, som skal vere eit livslangt ID-dokument (chip). Pass til hestar er blant anna viktig for å spore flyttingar og avgrense eventuell spreiing av smitte ved sjukdom. Passet skal også sikre at hestar som har blitt medisinert med legemiddel som ikkje er godkjent i høve til matproduksjon, ikkje kjem på middagsbordet.

Litt hestestatistikk frå Rogaland

Ferske tal frå Norsk Hesteregister viser at det er 3300 hestar i Rogaland pr. 01.06.18 født i perioden 1998 – 2017. Dette talet inkluderer ikkje islandshestar, då dei førebels ikkje er lest inn i databasen. På landsbasis skal det vere rundt 10000 islandshestar, og ca 800 av slaget i vårt fylke (iflg Norsk Islandshestforening/Stambokkontoret).

Av dei hestane som er registrert i Rogaland er det travarane som utgjer den største gruppa med om lag 2 000 dyr, fordelt på 1 100 varm- og 900 kaldblodstravarar. I tillegg er det registrert ein del dølahest, fjordhest, nordlandshest/lyngshest og ein del krysningar som ikkje tilhøyrar nokon stambok eller rase.

Når det gjeld produksjonstilskot til hest viser statistikken frå 2017 at det blei søkt om tilskot frå 566 gardsbruk for til saman 1897 dyr.

Det er lite statistikk når det gjeld bruksområda i høve til dei resterande hestane i fylket. Men tal klubbar og medlem innan Rogaland Rytterkrets viser at Rogaland har eit svært aktivt hestemiljø. Det er heile 32 klubbar med til saman 3000 medlemar.

 

Inn på tunet

Inn på tunet er definert som tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. For mange Inn på tunet gardar er kontakt med dyr ein viktig del av tilbodet. Hesten har særskilte eigenskapar som gjer den velegna i helsefremmande samanheng. «En real hestekur» er det noko som heiter, og det kan ein få rikeleg av i positiv forstand på mange av Inn på tunet gardane. Å meistre eit stort og kraftig dyr som hesten kan gi gode opplevingar for barn- og ungdom eller vaksne som slit med ulike problem. Hesten byr også på rekreasjon og positive stimuli i kvardagen til andre som treng det – uavhengig av diagnose. «Hest for folk flest» har vore både slagord og prosjektsatsing innan Norsk Rytterforbund. Hesten er også ein viktig brubyggjar mellom by og land.

Korleis stimulere til vidare utvikling av hestenæringa i Rogaland?

Vi må ta vare på dei positive hestemiljøa vi allereie har, og jobbe for kvalitetssikring og kompetanseheving i alle ledd innan næringa. Klyngesamarbeid innan hestenæringa bør stimulerast, og nabogardar med interesse for hest kan få til meir i lag enn kvar for seg. Innovasjon Norge tilbyr finansiell støtte til klyngesamarbeid.

Kommunane kan gjere sitt ved balansert arealplanlegging, der det blir tatt omsyn til både hestefolket og andre brukarar. Gjennom god planlegging kan det bli tilrettelagt for fleire ridestiar, ridebaner og annan infrastruktur som vil stimulere næringa. Dette vil og komme de gardane som driv med gardsturisme og Inn på tunet til gode. Kommunane kan vidare bli flinkare til å ta i bruk dei mange gode tilboda som finst på desse gardane.

I Rogaland har vi gode utdanningstilbod og kompetansemiljø innan hestefaga. Øksnevad- og Tveit vgs tilbyr naturbruksutdanning med vekt på hest og fagbrev innan hest- og hovslagerfaget. Her kan ungdom med interesse for hest skaffe seg ein utdanning innan ei hestenæring som er i vekst. I studiet inngår stell av dyr, fôring, stalldrift, riding, køyring, bruk av hest innan turisme med meir.

På Høgskulen for landbruk- og bygdeutvikling (HLB) på Bryne har dei utvikla kurset «Hest i næring », som gjer 30 studiepoeng. Dette kurset kan også inngå som ein modul og del av «Bachelor i nyskaping og samfunnsutvikling». HLB har også delteke i fleire utgreiing- og forskingsprosjekt for å stimulere til meir innovasjon innan hestesektoren, jamfør «Hest i Sandnes: forsking for å støtte opp om landbruks- og bygdeutviklingspolitikk

Norsk Hestesenter og Hest og Helse tilbyr ein rekke kurs som kan vere relevante for dei som vil satse på å bli ein del av hestenæringa.

Ein liten sluttappell: Hesten er eit flokkdyr, som ikkje likar seg aleine på beite. Samarbeid gjerne med andre for å unngå dette. I Sverige er det forbode med aleinehestar, og dette kjem vel inn i våre forskrifter etter kvart. På Mattilsynet sine heimesider finn du meir om regler for hold av hest.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.