Framleis 700 båsfjøs i Rogaland

Nytt mjølkefjøs i Bjerkreim
Nytt mjølkefjøs i Bjerkreim (Foto: Monica Dahlmo)

Skal alle mjølkeprodusentar i Rogaland klare kravet om lausdrift, så må det byggast opp mot 50 fjøs i året fram mot 2034. Rogaland har om lag 1200 mjølkeprodusentar som står for 20 prosent av produksjonen i Noreg. Framleis er det om lag 700 båsfjøs i fylket.

Det er brei semje om å styrkje prioriteringa av fjøs for 15–30 kyr. Det kjem klart fram av vårt oppdragsbrev til Innovasjon Norge for 2019. I 2018 blei det gitt tilskot til 41 mjølkekufjøs og 27 bygningar for ammekyr.

Nye kufjøsprosjekt i distrikta er prioritert

Det er eit klart mål å motivere for vidare mjølkeproduksjon også i distrikta. Områda utanom Jæren står i dag for om lag 35 prosent av den samla mjølkeproduksjonen i fylket. I distrikta set dei naturgitte føresetnadane ofte klare grenser for realisering av store nye kufjøs, både av økonomiske og praktiske årsaker. Viktige landbrukskommunar, som Finnøy, Bjerkreim og Vindafjord har framleis mange båsfjøs. Vi har difor prioritert nye kufjøsprosjekt i distrikta, også dei med lågare mjølkekvoter enn som er normalt ved nybygg. Av oppdragsbrevet går det fram at Innovasjon Norge ikkje skal stille krav til auka mjølkevolum på det aktuelle bruket, men at grunnlaget skal vere fornying av eksisterande driftsomfang. Det er også framheva at det meste av fôrarealet må vere eigd, eller leigd, i kort avstand frå nyfjøset. Vidare er det viktig at bygga blir plasserte slik at det ligg godt til rette for aktivt beitebruk.

Kostnadseffektive byggløysningar for mindre mjølkefjøs

Det er ei stor utfordring å få til ei økonomisk forsvarleg kalkyle for eit nytt mjølkefjøs for under 30 kyr, særleg om investeringa omfattar robot. Fylkesmannen har nyleg løyvd utgreiings-og tilretteleggingsmidlar til Tveit Regnskap AS til prosjektet «15–30 mjølkebygg», eit samarbeid mellom Fjøssystemer Vest AS, Fatland Ølen AS og Tveit Regnskap AS. Målet med prosjektet er å finne nye rasjonelle og kostnadseffektive byggløysingar for mindre mjølkebruk. Vi håpar at prosjekt som dette kan bidra til reduserte kostnader ved nybygg, og motivere fleire bønder til å investere.

Kontaktpersoner