Betre tider for produksjon av storfe- og svinekjøt

I følgje prognosar for mars går det nå mot underskot på storfe- og svinekjøt. Underskotet blir truleg større enn det vi såg føre oss i starten av 2020. I ei tid med aukande prisar på kraftfôr er dette godt nytt for produsentane.

Tal henta frå «Totalmarked for kjøtt og egg» viser eit underskot på 1000 tonn svinekjøt og 4500 tonn storfekjøt for 2020. Framleis viser prognosane overskot på lammekjøt og egg, men også her kan det vere at det går mot balanse grunna dei spesielle tilhøva i marknaden.

Viktig tema for Rogaland

Marknadssituasjonen for kjøt, og det som nå skjer i mjølkesektoren, kan ha store konsekvensar for ein husdyrregion som Rogaland. Det er stor spenning knytt til komande prognosar. Det viktigaste blir her å sikre grunnlaget for eksisterande produsentar, og å vente med å mobilisere for nyetableringar. For gris vil den beste løysinga vere å auke snittvekta på slaktegrisen.

Færre kyr gir mindre kjøt

Mjølkeproduksjonen er eit viktig bidrag til produksjon av storfekjøt. Kutalet i Noreg er redusert med 10 000 i 2019, noko som gir stort utslag i kjøtvolum. Meir informasjon om status i mjølkesektoren finn i vår tidlegare nettsak. Vi meiner det er viktig å framheve kombinert mjølk- og kjøtproduksjon, særleg i eit typisk beitefylke som Rogaland.

Håp om balanse for lammekjøt?

Inn mot grill- og beitesesong kan vi håpe at det også går mot balanse for lammekjøt, og at det igjen kan gi betre tider for sauehaldet. Mange har behov for å fornye driftsapparatet innan sauenæringa, og vi viser til at det i år er opna opp for å gi investeringstilskott til nye sauefjøs i tre i distriktskommunar.

 

 

Kontaktpersoner