Vil ha betre kvalitet på robotmjølka

Mjølk frå robotbruk har lågare kvalitet enn anna mjølk. 30 % av mjølkeleveransane er frå robotbruk, og den er aukande. TINE Rådgiving tar difor grep om utfordringane og har i løpet av det siste året gjennomført to prosjekt i Rogaland.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.06.2013

TINE Rådgiving leiar eit viktig prosjekt som omhandlar FoU(forsking og utvikling)-utfordringar med mjølkerobot. Målet er å kartleggje og prioritere aktuelle FoU-utfordringar som kan identifisere kvifor nokre produsentar lykkast betre med mjølkerobot enn andre i forhold til driftsleiing og effektiv produksjon. Prosjektet er i sluttfasen og har som mål å få fram kunnskap om analysetal frå mjølkeroboten og andre kjelder som kan føre til betre helse, fòrutnytting, kvalitet på mjølka, leiing og økonomi. Eit utviklingsprosjekt med to utviklingsringar på 2 x 7 bønder, er kopla opp mot FoU-prosjektet. Bøndene deltar i undersøkingar og får individuell rådgiving frå TINE Rådgiving.

Inviterer til seminar
TINE Rådgiving vil dele sine funn og erfaringar og inviterer difor til eit opent seminar for mjølkeprodusentar om bruken av mjølkerobot torsdag 10. oktober frå kl 10 – 16 på Bore Samfunnshus.

Fylkesmannen meiner dette er eit særs viktig tiltak som kan bidra til å betre konkurransekrafta til bøndene, og difor støttar vi alle tre tiltaka med BU-midlar.

Så set av dagen til kompetanseheving!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.