Omvisning i nytt sauefjøs i massivtre

Vi inviterer til omvisning i eit nytt sauefjøs som er bygd i massivtre på Ålgård. Omvisninga skal vere måndag 18. februar kl. 19.30.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.02.2013

Arnfinn Auestad har bygd det første massivtrefjøset for sau i Rogaland. Møt opp hos Arnfinn Auestad på Ålgård for å sjå det nye sauefjøset. Garden ligg på Indre Lima - nordaustre enden av Limavatnet, skilta frå riksvegen.

Ola Øyen, prosjektleiar for Landbruksbygg i tre, vil vere til stades og det samme vil representantar frå Rogaland Sau og Geit, tredrivaren i Rogaland og Rogaland Massivtre as.

Etter omvisningen i sauefjøset til Arnfinn Auestad går turen til Kommunestyresalen i Gjesdal kommune, Rettedalen 1 på Ålgård (ca 2030-2100). Der blir det servert eit varmt måltid. Det vil og vere eit foredrag av Ola Øyen om kva det inneber å byggje massivtrefjøs for bonden, dyra og leverandøren. Vidare diskusjon, spørsmål og svar.

Innredning i sauefjøs i massivtre

Målgruppe
Bønder på Jæren og andre interesserte.

Påmeldingsfrist er 15. februar
Av omsyn til matservering treng vi påmelding.
Påmelding til Kari Sand, kari.sand@fylkesmannen.no - 950 31 190 eller
Gudrun Kristensen - gudrun.kristensen@gjesdal.kommune.no - 51 61 11 51 - 412 34 175 eller
Magne Jakob Bjørheim - mjbj@online.no - 950 31 191

Arrangør
Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Rogaland Sau og Geit, Tredrivaren i Rogaland, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland Massivtre as og Gjesdal kommune.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter