Kalvekveld på Ryfylkegarden Holta

1. september inviterer Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke og Storfeprosjektet i Rogaland til kalvekveld. Bengt-Egil Elve frå Nortura skal snakke om kalvestell og presentere erfaringane sine frå arbeidet med Kusignal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.08.2015

Forstår du kva dyra dine prøver og fortelle deg? Kyrne gir heile tida signal om korleis dei har det. Forstår du det, kan dette gi betre dyrevelferd og betre lønsemd på garden.

Bengt-Egil Elve frå Nortura kjem til Ryfylkegarden Holta 1.september 2015 for å snakke om kalvestell og presentere erfaringane sine frå arbeidet med Kusignal. Det vert også tid til spørsmål og drøs.

Stad: Ryfylkegarden Holta, Holtavegen 267, 4120 Tau

Tid: 1.september kl 1900-2100

Pris: Gratis, men påmelding

Påmelding snarast til kari.sand@strand.kommune.no eller 95031190

Storfesatsinga i Rogaland er eit bonderetta utviklingsprosjekt for å auke storfekjøtproduksjonen i fylket. Målgruppa er både mjølk og ammekuprodusentar.

Som ein del av storfesatsinga vert det arrangert informasjonskveldar og kurs med meir, men det viktigaste er gratis rådgjeving for storfeprodusentar. Ta kontakt med slakteriet ditt for å få hjelp med dei utfordringane du har. 

Fatland               Guro Hansen                   958 96 320        guro@fatland.no
Prima
                  Harald Reime                  971 71 633        harald@prima.no
Nortura 
             Bengt-Egil Elve                906 21 201        bengt-egil.elve@nortura.no
Fylkesmannen   

i Rogaland   
      Aart Magnussen              51 56 89 63        fmroazm@fylkesmannen.no

Arrangør: Storfeprosjektet i Rogaland og Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.