Heiabeiting og beitelag

I overkant av 100.000 sau og lam frå Rogaland er på heiabeite i 46 ulike beitelag. Beitelaga får 20 kr pr heimsanka dyr i regionalt miljøtilskot, og dei kan få investeringstilskot til mellom anna sperregjerde, bruer, sankehegner.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.08.2017

Føremålet med organisert beitebruk gjennom beitelag er å leggja til rette for best mogleg utnytting av beite i utmarka, og redusera tap av dyr gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta tiltak i beiteområda. Rogaland er det største sauefylket, men har relativt låg andel av dyra med i organisert beitebruk. Det skuldast at mange sauebønder har store beiteareal heime på garden, og desse er dermed ikkje med i beitelag.

For tida er det 46 beitelag registrert i Rogaland, og det gis eit eit årleg tilskot på kr 20 på heimsanka dyr. I tillegg gis det tilskot til sperregjerde, bruer, sankehegner m.m.

Når det ved beiteslepp er ein del snø igjen i heiane, kjem det nytt beitegras utover sommaren. Og slike somrar gir ofte best tilvekst og best kvalitet på lamma om hausten. Dette året har det vore relativt lite snø, men dyra går stort sett roleg og beiter. I september får vi vite korleis heiabeita har vore, og kvaliteten på lammeslakt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.