1. august 2019 er frist for sal av mjølkekvoter

Mjølkeku på beite
Mjølkeku på beite (Foto: Eli Munkeby Serigstad / Fylkesmannen i Rogaland)

Hugs at det er ein del opplysningar som må leverast med søknaden. Så start i tide, viss du har planar om å selje.

Fristen gjeld sal av grunnkvote for både ku og geit. Eigar av landbrukseigedom med grunnkvote kan selje heile eller delar av kvoten sin. 20 prosent av grunnkvoten må dei selje til staten for kr 2,50 per liter. Resterande 80 prosent kan dei selje privat innafor same produksjonsregion. Pris ved privat sal blir fastsett privat.

Landbruksdirektoratet har meir informasjon om regelverk og søknadsskjema for sal og utleige.

Nyttige opplysningar

Det er berre eigar av landbrukseigedom som kan selje grunnkvote. Dersom det er fleire eigarar, må alle samtykke i salet.

Dersom føretaket er meirverdiavgiftsregistrert, utbetaler staten meirverdiavgift for den mengda grunnkvote som blir selt til staten.

Leige av mjølkekvote

Jordbruksoppgjeret 2019 førte ikkje til endringar for utleige av grunnkvote. Søknadsfristen for utleige av grunnkvote og andre endringar i kvoteforhold er 1. oktober 2019. Endringane i kvote gjeld frå 1. januar 2020. 

Mjølkeproduksjonen i Noreg må ned

Som følge av WTO-avtalen frå Nairobi 2015, må Noreg avvikle eksportsubsidiane innan 2021. Det betyr at mjølkeproduksjonen må reduserast.

Partane i jordbruksoppgjeret blei einige om å etablere eit nytt opplegg for å skalere ned norsk mjølkeproduksjon som skal vere klart til 1. oktober 2019. Gjeldande ordning for kjøp og sal av mjølkekvote blir derfor avskaffa når inneverande omsetningsrunde går ut 1. august 2019.

I jordbruksoppgjeret blei det også bestemt at det ikkje skal vere mogleg å kjøpe ku- eller geitemjølkkvote frå staten.