Tilbyr rådgiving om flisfyring på garden

Kyllingprodusent Jo Pollestad får rådgiving av Karl Ludvig Ådland (Nærenergi Norge AS) i prosjektet Gardsvarmeanlegg på Vestlandet (foto: Jane Brit Sande/ Bondevennen)
Kyllingprodusent Jo Pollestad får rådgiving av Karl Ludvig Ådland (Nærenergi Norge AS) i prosjektet Gardsvarmeanlegg på Vestlandet (foto: Jane Brit Sande/ Bondevennen)

Flisfyring er ei løysing som nytter lokalt og kortreist trevyrke, og som kan konkurrere i lønnsemd med tradisjonelle fossile oppvarmingskjelder. I haust kan bønder som er nysgjerrige på dette få rådgiving heime på garden sin.

Innovasjon Norge og Fylkesmennene i Hordaland og Rogaland ønsker at fleire bønder nytter fornybare kjelder til varmeproduksjon på garden sin. Derfor er det i haust starta opp eit nytt fellesprosjekt om gardsvarmeanlegg på Vestlandet. 

Særleg aktuelt ved stort varmebehov

Det er Karl Ludvig Ådland frå energiselskapet Nærenergi Norge AS som er hyra inn som rådgivar i den nystarta satsinga. Karl Ludvig har god kjennskap til løysingar innan flisfyring.

– Flisfyringsanlegg kan være særleg aktuelt for landbruksproduksjonar med stort varmebehov, for eksempel ved oppal av kylling, smågris, mjølkeproduksjon, veksthusproduksjonar o.a., seier Karl Ludvig.

Her kan du lese meir om da Bondevennen blei med Karl Ludvig på rådgiving hos kyllingprodusent Jo Pollestad frå Nærbø.  

Usikker gasspris

Mange landbruksproduksjonar fyrer i dag med gass. Mange er usikre på korleis prisen på gassen vil bli i framtida, med stadig strengare vilkår for bruk av fossile energikjelder. I dag ligg flisprisen på rundt det halve av kva propan kostar pr kWh.

Det kan være aktuelt å kople på bustadshus eller andre bygg på garden på same anlegg. Vidare kan det for nokon være ekstra interessant dersom garden ligg slik til at det er aktuelt med sal av varme til naboar eller større bygg i nærleiken.

- Lønnsemda vil avhenge av mange faktorar, og vil variere frå gardsbruk til gardsbruk. Derfor ønsker vi å møte gardbrukaren éin til éin heime på garden for å sjå på kva som kan være aktuelt akkurat der, seier Karl Ludvig.

Nærenergi Norge AS driftar og har felles eigarskap med landbruket i fleire større flisfyringanlegg i Rogaland og Hordaland, men driv ikkje innan segmentet for gardsvarmeanlegg. – Rådgivinga som blir gitt er nøytral, og vil ikkje være bunde opp mot levarandørar eller andre tilbydarar på feltet, påpeiker Karl Ludvig.

 

Kyllingprodusent Jo Pollestad nyttar flis til oppvarming på garden. Her står han framfor lagringssiloen der flisa blir mata automatisk inn i fliskjelen i rommet ved siden av. Flisanlegg kan være særleg aktuelt i landbruksproduksjonar med stort varmebehov (foto: Jane Brit Sande/ Bondevennen) 

Gode støtteordningar

Rådgivinga består av ein gjennomgang av garden sitt energiforbruk og varmebehov, og vidare eit eller fleire forslag til korleis flisfyring kan passe inn som varmekjelde på garden. Berekninga inkluderer korleis kostnaden kan reduserast med investeringsstøtte frå Innovasjon Norge, bruk av eige flisvyrke frå garden, eller ved eige arbeid i byggeprosessen og i drifta av anlegget.

– Det finst gode ordningar hos Innovasjon Norge for investeringsstøtte for anlegg både til eiget bruk og til sal av varme. I tillegg er desse ordningane opne for å kombinere flisfyring med andre fornybare energikjelder, som varmegjenvinning og solenergi, opplyser Karl Ludvig.

Oppfordrar til å ta kontakt raskt

Det nye prosjektet har nettopp starta opp både i Rogaland og Hordaland. I begge fylke ønsker Karl Ludvig å komme i kontakt med interesserte bønder så raskt som mogleg. – Prosjektet har foreløpig berre varigheit ut vinteren neste år så her gjeld det å være førstemann til mølla. Ved stor interesse håper vi å kunne forlenge prosjektet til fleire år, seier Karl Ludvig.

Fylkesmannen i Rogaland har tidlegare støtta liknande rådgivingsprosjekt innan bioenergi, og har hausta god erfaring med dette. 

Interessert?

Ta kontakt med Karl Ludvig Ådland på tlf.  480 35 952 eller på e-post.

Kontaktpersoner