Klimasmart kyllingprodusent i Lund kommune

Ole Martin Leirflåt sitt kyllinghus med solceller på taket
Ole Martin Leirflåt sitt kyllinghus med solceller på taket (Foto: Annabell Pfluger / Fylkesmannen i Rogaland)

Ole Martin Leirflåt på Ualand i Lund kommune går føre og har bygd klimasmart kyllingfjøs. Skogsflis og solceller forsyner kyllingfjøset med fornybar energi.

Næringsutviklarar hos fylkeskommunen og Fylkesmannen var 24. april på besøk hos bonde og kyllingprodusent Ole Martin Leirflat. Ole Martin kunne vise fram eit kyllingfjøs som stod ferdig i 2014 med flisfyring til oppvarming. Solceller på taket blei montert i 2017. Årsproduksjonen er på 200 000 kyllingar.

3 faktorar gjorde at han valde ei miljøvennleg og framtidsretta energiløysing for sitt kyllingfjøs:

  • Klimavennleg løysing.
  • Unngjekk ekstrakostnadar med bygging av ny trafo. Det var for liten kapasitet på straumnettet når viftene gjekk for fullt på dei varmaste dagane. Dette gjorde det ideelt med solceller på taket.
  • Låg energikostnad. Han fekk investeringsstøtte frå Innovasjon Norge til både solcelle og flisfyringsanlegg, og det gjorde tiltaket ekstra gunstig.

Solceller på taket

Solcellene på taket dekker eit lite areal og forsyner kyllingfjøset med elektrisitet på dagtid. Anlegget er kopla til ein eigen batteripakke, og backup skal sikre drift av viftene i 3 timar dersom straumen går. På natta må det tidvis nyttast straum frå nettet for å drive viftene m.m..

Ventilasjonen er det mest kritiske i eit kyllingfjøs. Ein liten auke i temperatur på 0,5 -1 grad kan få alvorlege konsekvensar. Difor må viftene gå kontinuerleg for å sikre stabil temperatur og god utlufting. Det er i alt 12 vifter som dreg luft inn og 9 vifter som dreg luft ut. Kyllingane er meir robuste for fall i temperatur, så kortare svikt i varmeleverase er tidsmessig ikkje så kritisk.

Årsproduksjonen siste år er på 77 000 KWH. Total investering er på 700 000 kr pluss moms for solcelleanlegget. Solcelleanlegget fekk 35 prosent investeringsstøtte frå Innovasjon Norge. Det var kombinasjonen flisfyring og solcelle som var nøkkelen for å få støtte til solcelleanlegget, jf. bioenergiprogrammet til Innovasjon Norge. I periodar når straumforbruket er lite går overskotet ut på nettet for sal til spotpris.    

Flisfyring

Den desidert største energimengda går til oppvarming. Her er det investert i eit flisfyringsanlegg basert på skogsflis med maks effekt på 190 KWH. Rør i golvet med varmt vatn fordeler varmen rundt i heile fjøset. Totalt årleg energiforbruk til oppvarming ligg på mellom 200 000 – 250 000 KWH avhengig av vintrane.

Anlegget er bygd for tørr flis med fuktinnhald under 30 prosent. Ein stor del av flisa kjem frå bakhun frå lokale sagbruk, som blir flisa opp og lagra under tak på garden. Kostnadane med flising og innkjøp av råstoff utgjer årleg om lag 70 000 kr. I tillegg kjem litt arbeidet med fylling av flis-kjelen. Sjølv med ein investeringskostnad på 1 mill. kr eks moms, gir dette låge energikostnader til oppvarming samanlikna med straum. Flisfyringsanlegget utløyste også eit tilskot på 33 prosent av investeringskostnaden.

Nytt konsept

Kyllingfjøset med energimiksen sol og flisfyring var i 2017 det 4. i sitt slag i Noreg. Med stadig større fokus på klima og CO2-utslepp, samt vidare utvikling av slike konsept, håper vi i framtida å få sjå fleire slike framtidsretta og miljøvennlege energiløysingar i landbruksbygg.      

Kontaktpersoner